Sider

onsdag 28. desember 2011

Introduserar: LAPPETEPPE

Det er fantastisk gøy å sy lappeteppe! Det heile starta med lappeputer.





Det første teppet var eit teppe til venninna mi  <3 Skrukkete og fint til framsyning, hehe.



Deretter vart det eit teppe til knotten, som han har i senga si, og søv med kvar natt =) Ugleteppe.



Og no har det balla på seg. Mannen fekk eit teppe til jul, eit reinsdyrteppe.




No har eg laga to små jenteteppe. Blomefeteppe.

Fuchsia-feen...





...og heliotropium-feen.






Begge desse vart solgte, og låg under juletreet i år =) Og det kjem fleire! Du får følga med på eplabutikken.

Mitt siste prosjekt er å sy eit teppe til med sjølv. Eg har kjøpt inn stoff, så det er berre til å setje i gong. Eg må berre mobilisere nok krefter først. Det skal syast fleire putetrekk. Og så skal vi flytte ferdig. Gleeer meg til alt er i skjønnaste orden i heimen! Nye puter i nytt hus.


English:
I love to make patchwork blankets! It all started with patchwork pillowcases. Now I've made a blanket for my friend, my som and my husband, as well as two flowerfairy-blankets. They were sold as Christmas presents.


Ina Christine

søndag 11. september 2011

Ugletid

No lanserer eg ein nyhet i butikken, nemlig nøkkelringar. Desse søte, små uglene skal passe på nøklane dine, og hjelpe deg med å finna dei lengst nede i veska. Dei er laga av bomull, og fylt med vatt. Kvar ugle er i utgangspunktet unik.

Her er nokre smakebitar:





Uglene er dei nyeste tilskudda i KRÅKESØLVfamilien, men garantert ikkje siste! Du kan kjøpe dei i butikken.
Ha ein strålande søndag alle saman!


English:
These owls are my newest edition to my KRÅKESØLV-family. They are created to help you find your keys at the bottom of your purse. 


Ina Christine 


søndag 14. august 2011

Sitjeunderlag

Eg har imponert meg sjølv, og sydd fleire sitjeunderlag. Dei er i ull med bakside av fleece, og med påsydd biletpynt. Dei veg nesten ingenting, og er lette å rulle saman. Eg er særs nøgd med desse, for nokre passar til og med for menn =) Det er ikkje så enkelt å laga ting som er meint for mannfolk... Nokre av sitjeunderlaga er for born, dei er litt mindre i storleik.






Du kan kjøpe dei i butikken min, KRÅKESØLV, på epla.no, her: krakesolv.epla.no

English:
I have impressed myself by making a lot of ... I don't know what these are called in english... These are even suitable for men, and I find that brilliant, because I've had trouble sewing stuff for men. You can find them in my epla-shop here.


Ina Christine