Sider

Viser innlegg med etiketten flerårig. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten flerårig. Vis alle innlegg

mandag 16. juni 2014

Marikåpeinvasjon


Sidan er ikkje hugsa å klippe ned marikåpeblomene i fjor, har dei teke over heile bedet. Ca 100 avleggare i tillegg til at han har diktatorrolle i bedet. Eg måtte klippe litt i bakkant for å gje sola ein sjans til å skine på rosen og klematisen.

I forgot to cut down all the flowers on my Lady's mantle last year, and now it's invaded my bed. About 100 offshoots in addition to adopting a dictator-role. I had to trim the flowers in the back, allowing the sun to shine on the rose and chlematis.


La Alchémille a envahi mon lit, et j'ai dû couper les fleurs dans le dos pour permettre au soleil de briller sur ma rose et chlematis.



Det blei ein ganske stor bukett, dei står i ein 3-liters kanne. 

I got a pretty big bouquet, standing in a 3 litre pot. 

J'ai eu un assez grand bouquet, debout dans un pot de 3 litres.

torsdag 23. mai 2013

Alpeklematis

Klematis nr 3 heiter noko så uromantisk som Alpina; Alpeklematis. Det fine er at han ser ut til å tole det meste. Mens alle rosene og klematisene og til og med rhododendronene ser ut til å daua eller blitt hardt skadde, er denne i full knopp. Det likar eg!

Farge: Blå med gul kjerne
Blomestorleik: Små, klokkeforma
Høgd: 2,5-3 m, veks lite i starten, men meir etter kvart.
Stell: Sol, halvskugge, skugge. Skal ikkje skjerast ned, evt kun for å redusere storleik, og då etter bløming. Humusrik jord blanda med grus og stein. Kalkrik jord. 
Sone: H6


Min vakre Alpina.
My beautiful Alpina.
File:Clematis alpina 'Tage Lundell'.jpg
Eg håpar den blir slik. 
I hope it turns out like this.
Biletet er linka/The picture is linked

My third Clematis is the Alpina. So not a romantic name, but the important thing is it seems to survive anything. I like!

Colour: Blue with a yellow core
Flower: Small, bell-shaped
Size: 2,5-3 meters, grows little at first, but then more after a few years.
Care: Sunny, shadow. Not to be cut, if not to reduse size, and then only after flowering. Humus mixed with gravel and stone. Calcareous soil.
Zone: H6


tirsdag 21. mai 2013

Nelly Moser



Klematis nr 2 heiter Nelly Moser. Det er ein gamal klematis, frå 1897. 

Farge: Kvit/rosa stripete
Blomestørrelse: store, 10-15 cm
Blømer: juni-oktober
Høgd: 3-4 m
Stell: sol, halvskuge, skugge. Skal skjerast ned om våren, døde og svake greiner skal fjernast ned til kraftige knoppar. Gamle greinar bør fjernast for å stimulere ny vekst, men alle skal ikkje fjernast samstundes. 
Sone: H4

Min ser svært daud ut, men eg har sett ein liten spire nedst ved bakken. Berre til å krysse fingrane. Denne vinteren har tatt knekken på det meste her i Bergensområdet. Tørke er ikkje noko vi er van med...

File:Clematis Nelly Moser.jpg
Nelly Moser
Biletet er linka/the picture is linked

My second Clematis i s called Nelly Moser. It's an old Clematis, from 1897. 

Colour: White/pink striped
Flower: Big, 10-15 cm
Blooms: June-october
Hight: 3-4 meters
Care: Sunny, shadow. To be cut down in spring. Dead and weak branches should be removed down to a couple of powerful buds. Old branches should be removed to stimulate new growth, but not all at the same time. 
Zone:  H4. 

Sadly it looks pretty dead. I've seen a sprout at the ground, so I just cross my fingers and hope for the best. This winter has killed nearly everything around Bergen. We're not used to droughts... It usually rains all winter. 

tirsdag 1. januar 2013

Haustlauk

Eg har brukt den første dagen i året til å plante haustlauk. Ein dag forseinka, då dei skal plantast i løpet av september og desember. Det var ikkje tele i jorda, så eg fekk spreia dei rundt omkring. Krokus, snøklokke, narciss og nokre tulipanar i graset, elles allium, perleblom, tulipanar og anemone i ulike bed. Eg er spent på om dei vil bløme til våren. 

Perleblom 'Muscari Armeniacum': blå blom i april-mai, 15-20 cm, sol og halvskugge, flerårig, vinterherdig.

Krokus 'Crocus': gule, kvite og lilla blomer i februar-mars, 10-15 cm, sol og halvskugge, flerårig, vinterherdig. 

Klosterklokke 'Leocojum Gravetye Giant': Kvite blomer i april-mai, 20-50 cm, sol og halvskugge, vinterherdig. 

Snøklokke 'Galanthus Woronowii': Kvite blomer i februar-mars, 15 cm, skugge og halvskugge, flerårig, vinterherdig. 

Påskelilje 'Narcissus Tazetta Sir Winston Churchill': Gule fylte blomer i mai, 40 cm, sol og skugge, flerårig, vinterherdig. 

Småsymre 'Anemone White Splendour'Kvite blomer i april-mai, 25 cm, sol og skugge, vinterherdig.

Tulipan 'Ballerina': Oransje blomer i april-mai, 55 cm, sol og halvskugge, vinterherdig.

Tulipan Angelique: Rosa fylte blomer i april-mai, 45 cm, sol og halvskugge, vinterherdig.

Tulipan 'Mount Tacoma': Kvite fylte blomer i april-mai, 45 cm, sol og halvskugge, vinterherdig.

Kongekrone/rutelilje 'Fritillaria Meleagris': Kvite og lilla rutete blomer i april-mai, 25 cm, sol og halvskugge, vinterherdig.

Prydløk 'Allium Gladiator': Lilla ballforma blomer i mai-juni, 120 cm, sol og halvskugge, vinterherdig.

Prydløk 'Allium Bulgaricum': Kvite og purpur ballforma blomer i mai-juni, 90 cm, sol og halvskugge, vinterherdig.


No er det middag og arbeid! Ha ein fin dag. 


I've spent the first day if 2013 planting bulbs. One day to late, as they are to be planted during september to december. The soil wasn't frozen, so  was able to spread them around. Crocus, snowdrops, narcissus, and some tulips in the gras, and allium, tulips and anemonas in different beds. I wonder if they'll bloom in spring?

Now it's time for dinner and work. Have a nice day!

lørdag 19. mai 2012

Klematis

Eg har kjøpt ein Klematis 'Clematis'. Det er ein prøveklematis. Vi har grunn jord på steingrunn, så eg er spent på kor langt ned eg klarar å grave. Eg har for lengst blitt ein hageoptimist, og svaret på grunn jord er å bygge opp jorda. Altså lage ein haug med jord og plante nedi. Så eg gjev meg ikkje så lett, nei.

Men altså, Klematis. Klematis er ei slyngplante. Det finst omlag 300 sortar. Ein finn mykje god informasjon om klematis her. Kort fortalt:
  • Ein skal velge ei plante med god rotmasse (noko som eigentleg er vanskeleg, for ein vil jo ikkje stå med jord rundt seg på eit hagesenter og ei plante der røtene ikkje langer passar ned i plastikkhaldaren). Men det er i alle fall viktig, då.
  • Ein må grave eit stort hol, 50 cm djupt og med 40 cm breidde.
  • Ein må ha god drenering, og vatnet må kome ned til røtene.
  • Ein må plante i riktig jord; 30 % kompost, 30 % jord og 30% kukompost + 10% beinmel.
  • Planta må stå i vatn ca 20 minutter før planting, slik at røtene får fylle seg med vatn.
  • Planta skal plantast så djupt at den sit 10-15 cm djupare i jorda enn ho gjorde frå før.
  • Botnen skal stå i skugge, toppen i sol. Ein kan gjerne plante ei anna plante framfor, eller legge steinheller framfor planta, slik at røtene ikkje tørkar inn.
  • I vekstsesongen kan ein gjødsle annakvar gong med beinmel og heilgjødning. Altså beinmel i april/mai, fullgjødning i juni, beinmel i juli osv.
Det finst mange ulike typar Klematis, frå dei heilt små staudeaktige, til store slyngplanter.

'Dr. Ruppel'

'Arabella'

'Pink Fanta'
Bilete frå plantasjen.no

Klematis vert delt inn i 3 grupper, etter stell:
  1. Klematis som blømer på greiner frå forrige sesong.
  2. Klematis som blømer på greiner frå forrige sesong og nye skot.
  3. Klematis som blømer kun på nye skot
No er det berre til å velge seg ein Klematis eller to!



I've bough a Clematis as a test. They have to be platned deep, about 1/2 m, and I'm not sure I'll be able to dig that deep in my shallow garden. The Clematis is a vine, and there are about 300 different types, from the smallest ones to big vines for your pergola. The Clematis likes sun, but the roots need shade, and should be covered by other plants or slabs, to keep the soil moist.