Sider

Viser innlegg med etiketten klematis. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten klematis. Vis alle innlegg

mandag 16. juni 2014

Marikåpeinvasjon


Sidan er ikkje hugsa å klippe ned marikåpeblomene i fjor, har dei teke over heile bedet. Ca 100 avleggare i tillegg til at han har diktatorrolle i bedet. Eg måtte klippe litt i bakkant for å gje sola ein sjans til å skine på rosen og klematisen.

I forgot to cut down all the flowers on my Lady's mantle last year, and now it's invaded my bed. About 100 offshoots in addition to adopting a dictator-role. I had to trim the flowers in the back, allowing the sun to shine on the rose and chlematis.


La Alchémille a envahi mon lit, et j'ai dû couper les fleurs dans le dos pour permettre au soleil de briller sur ma rose et chlematis.



Det blei ein ganske stor bukett, dei står i ein 3-liters kanne. 

I got a pretty big bouquet, standing in a 3 litre pot. 

J'ai eu un assez grand bouquet, debout dans un pot de 3 litres.

lørdag 26. april 2014

April - det blomstrar i hagen!

Det er april, og det knallfine veret har gjort at det har eksplodert med blomstrar i hagen:
It's april, and the beautiful, warm weather has created an explosion of flowers in the garden:
  

Eit sikkert vårteikn; engkarse (Cardamine pratensis).
A solid proof of spring; cuckoo flower (or lady's smock).
Spireahekken er vakker når den blomstrar.
Our Spirea hedge is beautiful when in bloom.
 
Forglemmegei.
Forget-me-not.

Eg sådde frø for lenge sidan, og i år er bedet plutseleg fullt!
I sowed seeds a long time ago, and now the bed is full of flowers!
Keisertulipanen har kome opp kvart år.
The Emperor tulip blooms every year.

Keisertulipan med alpeklematis i bakgrunnen.
Emperor tulip with Chlematis Alpina in the background.
Keisertulipan med forglemmegei i bakgrunnen.
Emperor tulips and forget-me-not.
Keisertulipan.
Emperor tulip.
 
Den store flotte bambusen var her då vi flytta inn.
The big and beautiful bamboo was allready here when we moved in.

Klatrerose og klematis veks for klematis veks for kvar dag.
The climbing rose and chlematis grow day by day.
Småhjerte (Dicentra Formosa).
Western Bleeding heart.
 
Peonane veks frem nesten inni hagemarikåpen (Alchemilla mollis).
The ponies are growing almost inside the Lady's Mantle.

Min vakre ugle.
My precious owl.

Hjertebergblomsten (Bergenia cordifolia) har klart seg under bambusen gjennom vinteren.
The Elephant's ears has made it through the winter.

Kaprifolen som klatrer på bua vår har mange nye skot, og blir nok stor og flott i år.
The Honeysuckle will grow big and beautiful this year.
Dvergsyrinen (Palibin) kjem trofast år etter år, og krever lite.
The Lilac is faithfully blooming every year, and doesn't demand much.
Dei særdeles gode hagestøvlane mine - rosa!
My very comfy garden wellies - pink!
 
Eit anna sikkert vårteikn; kuleprimula.
Another safe sign of spring; Drumstick primula.
 
 
Ha ein fin april!
Have a wonderful April!

søndag 28. juli 2013

Hagen i juli

Det blømer i hagen. Vakre blomer, nokre skrale blomer, noko veks raskt, andre ikkje. Det er uansett fantastisk å sjå på. 

The garden is blooming. Beautiful flowers, delicate flowers, some grow fast, and some don't. It's amazing to watch either way. 

Allium Oztrowskianum blømer seint, men godt.
Allium 'Oztrowskianum' is blooming late,
but great.
 

Alpeklematisen har vakre frøkapslar.
The clematis 'Alpina' has beautiful
seed capsules.

Larva frå haustspinnaren eit roseblad
til alle måltid.
The caterpillar of the Rusty Tussock Moth
is eating rose leaves for every meal. 
Queen Elisabeth opner knoppane sine for
verda.
Queen Elisabeth is opening it's buds for
the world to see.
 

Hosta med store prangande blomestilkar.
The Hosta with it's big showy
flower stems.

Klematisen 'Hagley hybrid' har vakse seg
stor, og har mange flotte knoppar i år!
The Clematis 'Hagley hybrid' har grown
big, and has loads of buds this year!

Storkenebb 'Rozanna' veks og veks og spreiar
seg utover, som meininga er.
Geranium 'Rozanne' is growing like crazy and
is spreading, like it's supposed to. 

Portalen til hagen. Humle og duftkaprifol
veks raskt og dekker snart heile.
The garden portal. Hops and Honeysuckle are
growing fast, and will soon cover it. 

Flamingotreet, eller japansk pil
'Flamingo', får flotte rosa blad, dersom
han vert klipt kvar vår.
The Japanese Salix 'Flamingo', or
Flamingo tree, will produce beautiful pink
leaves if cut back every spring. 

Vi får eple!
We're getting apples!

Klatrehortensiaen er svær, og fungerer mest
som rekkverk på trappa.
The climbing Hydrangea is huge, and almost
works as railings along the stairs.
 

Klatrehortensia.
Climbing Hydrangea.



Og velkommen tilbake.

And welcome back.

tirsdag 4. juni 2013

Sommar i hagen

Det er sommar, og staudene veks som gale. 

It's summer, and the perennials are growing like crazy. 

Framfor huset er det mindre sol, men lunt. Eg flytta staudene som stod i bedet oppe frå før, ned framfor huset. Dei ser ut til å trivst!

In front of the house there's less sunlight, but it's more sheltered. I moved the perennials from the bed at the top of the garden, down in front of the house. They seem to thrive!

Buksbom 'buxus sempervirens', kuleprimula
'primula denticulata', og vårvortemelk
'euphorbia plychroma'.
Ukjend staude i midten.
Buxus 'buxus sempervirens', drumstick
primula 'primula denticulata', and cushion
spurge 'Euphorbia polychroma'.
Unknown perennial inbetween.
 

I bedet øvst i hagen har eg planta nye stauder, og lete nokre gamle stå. Alle urtene er daude. Det er valmuene og. Men dei som klarte seg gjennom vinteren likar seg godt!

In the bed at the top of the garden, I've planted new perennials, and kept some old ones. All the herbs are dead. The poppies seem dead too. Those who made it through winter are thriving, though. 

Stormarikåpe 'alchemilla mollis' med diamant.
Large lady's mantle 'alchemilla mollis' with
diamond.
 
Mosesildre 'saxifraga hypnoides' spreier
seg i hjørnet, slik eg hadde håpa på.
Mossy saxifrage 'saxifraga hypnoides' is
spreading in the corner, like I hoped
it would.
Akeleie 'Aquilegia vulgaris' står litt for
tett inntil stormarikåpa, som har blitt
dobbelt så stor sida i fjor.
The common columbine  'Aquilegia vulgaris'
is standing a little too close to the
Large Lady's Mantle, which has doubled
in size since last year. 
Fra bakerst: mosesildre, stormarikåpe som
skjuler peoner, løytnantshjerte, hosta,
akeleie, allium, stormarikåpe.
From the top: Mossy saxifrage, large
lady's mantle hiding peonies, bleeding heart,
columbine, allium, large lady's mantle.

Eg flytta ein klatrerose opp til det øvste bedet. Rosa lever så vidt. Klematisen veks heldigvis godt. 

I moved one of the climbing roses to the top of the garden. It's barely alive. The Clematis is growing, luckily.

Klematisen 'Hagley hybrid' veks og. Jippi!
The clematis 'Hagley hybrid' is also growing.
Yay!

I det opphøgde bedet er det berre alpeklematisen som har klart seg. Nokre andre skugeplantar har eg flytta til ein meir skuggefull plass. Dei har klart seg såvidt. 

In the raised bed, only the Alpina made it through winter. Some shadow plants barely made it, but I moved them to a shadier place.
 
Alpeklematisen er min store trøyst.
Han veks om berre det, og blømer nydeleg.
The Alpina clematis is my comfort,
it's growing largely and blooming beautifully.
Vi har planat to epletre, sidan kirsebærtreet vart fjerna. Dei blømer, og eg håpar vi får eple til hausten. 

We've planted two apple trees, after the cherry tree was cut down. They're blooming, and hopefully we'll have some apples in time. 
Epleblomene startar som nydeleg rosa
knoppar, og ender som sarte kvite blomer.
The apple blossom starts as beautiful pink
bulbs, and end as delicate white flowers.


Ha ein flott sommar, alle saman!

Have a wonderful summer everybody!

torsdag 23. mai 2013

Alpeklematis

Klematis nr 3 heiter noko så uromantisk som Alpina; Alpeklematis. Det fine er at han ser ut til å tole det meste. Mens alle rosene og klematisene og til og med rhododendronene ser ut til å daua eller blitt hardt skadde, er denne i full knopp. Det likar eg!

Farge: Blå med gul kjerne
Blomestorleik: Små, klokkeforma
Høgd: 2,5-3 m, veks lite i starten, men meir etter kvart.
Stell: Sol, halvskugge, skugge. Skal ikkje skjerast ned, evt kun for å redusere storleik, og då etter bløming. Humusrik jord blanda med grus og stein. Kalkrik jord. 
Sone: H6


Min vakre Alpina.
My beautiful Alpina.
File:Clematis alpina 'Tage Lundell'.jpg
Eg håpar den blir slik. 
I hope it turns out like this.
Biletet er linka/The picture is linked

My third Clematis is the Alpina. So not a romantic name, but the important thing is it seems to survive anything. I like!

Colour: Blue with a yellow core
Flower: Small, bell-shaped
Size: 2,5-3 meters, grows little at first, but then more after a few years.
Care: Sunny, shadow. Not to be cut, if not to reduse size, and then only after flowering. Humus mixed with gravel and stone. Calcareous soil.
Zone: H6


tirsdag 21. mai 2013

Nelly Moser



Klematis nr 2 heiter Nelly Moser. Det er ein gamal klematis, frå 1897. 

Farge: Kvit/rosa stripete
Blomestørrelse: store, 10-15 cm
Blømer: juni-oktober
Høgd: 3-4 m
Stell: sol, halvskuge, skugge. Skal skjerast ned om våren, døde og svake greiner skal fjernast ned til kraftige knoppar. Gamle greinar bør fjernast for å stimulere ny vekst, men alle skal ikkje fjernast samstundes. 
Sone: H4

Min ser svært daud ut, men eg har sett ein liten spire nedst ved bakken. Berre til å krysse fingrane. Denne vinteren har tatt knekken på det meste her i Bergensområdet. Tørke er ikkje noko vi er van med...

File:Clematis Nelly Moser.jpg
Nelly Moser
Biletet er linka/the picture is linked

My second Clematis i s called Nelly Moser. It's an old Clematis, from 1897. 

Colour: White/pink striped
Flower: Big, 10-15 cm
Blooms: June-october
Hight: 3-4 meters
Care: Sunny, shadow. To be cut down in spring. Dead and weak branches should be removed down to a couple of powerful buds. Old branches should be removed to stimulate new growth, but not all at the same time. 
Zone:  H4. 

Sadly it looks pretty dead. I've seen a sprout at the ground, so I just cross my fingers and hope for the best. This winter has killed nearly everything around Bergen. We're not used to droughts... It usually rains all winter. 

fredag 15. juni 2012

Ville de Lyon

Min første Klematis heiter 'Ville de Lyon', som er ein gamal klassikar, frå 1899! Han blømer frå juni til oktober. Planta blir 3-4 meter, og treng å bindast opp. Blomene er 10-15 cm store, og purpurrøde. Dei har ein sterk duft.

'Ville de Lyon' vert for det meste brukt som ein type 3 Klematis, det vil seie at han vert skore ned så kraftig at han berre blømer på nye skot. Planta kan og brukast som ein gruppe 2 - og ikkje skjerast ned så kraftig, og ho vil då bløme på gamle og nye skot. Dette kan gje større (men færre) blomer, men i tillegg fleire visne blad nedst på planta. Ein skal skjera ned til 40-50 cm over bakken.

Eg har planta mi ved plommetreet framfor huset. Her er det hekk heile vegen, og difor lunare enn andre stader. Framfor planta eg kinanellik, som har overvintra i potter frå i fjor. Eg har i tillegg lagt steiner rundt, for å halde på fukt i jorda. Alt dette vil gje skugge til røtene. Eg håper det er nok sol til at 'Ville de Lyon' vil klare seg her.





My first Clematis is the 'Ville de Lyon'. It's a vine, and needs support to help it climb. It flowers in june-october, with big, purple flowers. I planted it at the foot of my plum-tree. In front i planted cloves, and I covered around with slabs, to keep the soil moist. This will keep the roots cool. I hope there's enough sun to keep mye 'Ville de Lyon' alive.

lørdag 19. mai 2012

Klematis

Eg har kjøpt ein Klematis 'Clematis'. Det er ein prøveklematis. Vi har grunn jord på steingrunn, så eg er spent på kor langt ned eg klarar å grave. Eg har for lengst blitt ein hageoptimist, og svaret på grunn jord er å bygge opp jorda. Altså lage ein haug med jord og plante nedi. Så eg gjev meg ikkje så lett, nei.

Men altså, Klematis. Klematis er ei slyngplante. Det finst omlag 300 sortar. Ein finn mykje god informasjon om klematis her. Kort fortalt:
  • Ein skal velge ei plante med god rotmasse (noko som eigentleg er vanskeleg, for ein vil jo ikkje stå med jord rundt seg på eit hagesenter og ei plante der røtene ikkje langer passar ned i plastikkhaldaren). Men det er i alle fall viktig, då.
  • Ein må grave eit stort hol, 50 cm djupt og med 40 cm breidde.
  • Ein må ha god drenering, og vatnet må kome ned til røtene.
  • Ein må plante i riktig jord; 30 % kompost, 30 % jord og 30% kukompost + 10% beinmel.
  • Planta må stå i vatn ca 20 minutter før planting, slik at røtene får fylle seg med vatn.
  • Planta skal plantast så djupt at den sit 10-15 cm djupare i jorda enn ho gjorde frå før.
  • Botnen skal stå i skugge, toppen i sol. Ein kan gjerne plante ei anna plante framfor, eller legge steinheller framfor planta, slik at røtene ikkje tørkar inn.
  • I vekstsesongen kan ein gjødsle annakvar gong med beinmel og heilgjødning. Altså beinmel i april/mai, fullgjødning i juni, beinmel i juli osv.
Det finst mange ulike typar Klematis, frå dei heilt små staudeaktige, til store slyngplanter.

'Dr. Ruppel'

'Arabella'

'Pink Fanta'
Bilete frå plantasjen.no

Klematis vert delt inn i 3 grupper, etter stell:
  1. Klematis som blømer på greiner frå forrige sesong.
  2. Klematis som blømer på greiner frå forrige sesong og nye skot.
  3. Klematis som blømer kun på nye skot
No er det berre til å velge seg ein Klematis eller to!



I've bough a Clematis as a test. They have to be platned deep, about 1/2 m, and I'm not sure I'll be able to dig that deep in my shallow garden. The Clematis is a vine, and there are about 300 different types, from the smallest ones to big vines for your pergola. The Clematis likes sun, but the roots need shade, and should be covered by other plants or slabs, to keep the soil moist.