Sider

søndag 28. april 2013

Planting og hytteliksom

Vi har vore på hytta i dag. Liksom. Vi har ikkje hytte. Men vi har laga hytte under terrassen. I alle fall i dag. Vi hadde restemiddag og bålpanne. Der blei det steikt pølser og poppa popcorn. 




Så fekk eg planta litt. Haustlaukene kom i jorda, nokre av dei. Eg må framleis finne plass til tulipanane. Det er hundrevis som ventar på jord! Eg trur ikkje mykje kjem opp, men det blir spanande å sjå. 

Tips: Dersom du skal så frø, kan du gjere det i dorullar. Eg har klipt dei i to, og har putta dei i tomme drueesker som skal gjere nytta som drivhus. Får sjå om det funkar. Dorullane kan plantast direkte i jorda, dei løyser seg opp. Enkelt og greit!




We've been to our cabin today. Pretend. We don't have a cabin. But we can sit under our terrace. We did today. We had leftover dinner and a bonfire. We grilled sausages and made pop corn. 
And I planted some of the autumn bulbs I have in storage. A little late to plant them now, so I wait anxiously to see if any of them will bloom. I still have hundreds of tulips to plant!
A tip for you: you can plant seeds in empty toilet paper rolls. I cut mine in half, and put them in empty grape-boxes. I hope they will function as greenhouses. The toilet paper rolls rolls will dissolve in the soil once planted. Easy peasy. 


<3

mandag 22. april 2013

Mens eg ventar på våren...

...ser eg etter inspirasjon.




Etter uendelege månader med kulde kulde kulde og telehiv og ullklede og angst for å fryse i hel, har det endeleg byrja REGNE! Og med regnet kom fuglesang og varme og angsten for å fryse i hel forsvann. GLEDE.


While waiting for spring, I look for inspiration.
After endless months of cold cold cold and 1 meter frost in the ground, woolen clothes and a scare of freezing to death, it's finally started RAINING! And along with rain came birds and warmth and the anxiety of freezing to death went away. JOY.