Sider

søndag 8. januar 2012

Sjukdom og passande mat

Så starta det nye året med sjukdom. Ikkje heilt etter planen, men kva kan ein gjera?


Her er i alle fall oppskrift på mat som er snill mot magen, i tilfelle de treng det (håpar ikkje det). Oppskrifta er frå Sophie Dahls "Miss Dahl's Voluptuous Delights", som er den vakraste kokeboka eg veit om. Tanken var at ris er lett fordøyeleg. I små mengder.


Slik gjer du:
  • Kok opp ca 1,75 dl mjølk, valfri type, saman med
  • 0,6 dl basmati- eller jasminris,
  • kanel og
  • kardemomme etter smak.
Let dette koka under lokk til det er ein slags graut (ikkje heilt i norsk tyding, då, men).


Når dette kokar, tek du:
  • 0,5 dl eplejuice
  • ei pære, i små skivar, og
  • kanel etter smak,
og kokar dette til pæra er mør. Mos med stavmiksar.


Så skal du ete grauten med pærepuréen på. Veldig godt! Et sakte, og så kryssar du fingrane for at det ikkje kjem opp att.


NB! For de som har små ungar er dette perfekt bornemat.


Lukke til, eg vonar at året startar betre for dykk enn det gjorde for meg =)


English:
The new year started with illlness on my account. Being sick was not planned, but what can one do? When I started to eat again, I tried Sophie Dahl's "rice pourridge and pear purrée", taken from her book "Miss Dahl's Voluptuous Delights". Easily digested, I thought. And thankfully, I was right. 


Ina Christine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar