Velkommen 2012, og velkommen sofaputer
Så er det 2012. Eg synast 2011 gjekk altfor fort! Dette året starta med regn og tåke, men eg tenkjer at det ikkje vil vare. Eg har store planar om å bruke den nye hagen i år! Men sidan det framleis er vinter og kaldt - og vått - er det innsida av huset som får mest merksemd. Eg har starte på nye trekk til pynteputene i sofaen. Denne gongen har eg slått på stortromma og kjøpt svindyr brodert thaisilke. Det går an når ein berre skal sy eit einaste putetrekk. I tillegg har eg kjøpt fløyel og sandvaska silke, og brodert sateng. Det skal bli i alle fall to 50x50 putetrekk, to 40x40 putetrekk og to runde putetrekk. Planen var og eit 70x70 putetrekk, men eg ser at fløyel likar støv, så det må vurderast vidare.
Til no er eg ferdig med to putetrekk, her ser du dei:
Eg jobbar med ein gjer-det-sjølv oppskrift på rundt putetrekk. Det vart litt meir komplisert enn planlagt, men det kjem!
English:
I've been making new pillowcases for my sofa. This time I've bought expensive embroidered thai-silk, and also cheaper silk and velour. I'm working on a tutorial for a DIY round pillowcase. Hopefully it will be ready soon.
Ina Christine
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar