Det fine med rhododendron er at han er vintergrøn (unnateke azalea) og finst i mange ulike typar. Du finn rhododendron som blir store, som forblir små, som blømer seint eller som blømer tidleg.
Rhododendron er skogbunnsplanter, dei tåler difor ofte skugge. Løvfellande rhododendron, Azalea, og lave rhododendrontypar, bør stå i sola. Rhododendron skal stå i sur jord, altså jord som ikkje er kalka. No er det slik at eg ikkje aner om hagen har sur eller basisk jord, nøytral eller kalkhaldig eller kva... Men det står ein rhododendron på framsida, og to på baksida. I alle fall den eine er ein azalea. Så eg håpar på det beste. Då desse plantane er gamle og mosegrodde, tenkjer eg at dei har tålt å stå der lenge.
Endå ein fin ting med rhododendron, er at han ikkje treng skjerast ned. Dersom han vert svært stor og glissen, kan han likvel skjærast ned til 20-30 cm høgde. Han vil då kome på nytt frå rota, og få fin ettervekst.
Rhododendron er giftig for menneske og husdyr.
Den største samlinga med rhododendron i Norden finn ein på Det norske arboretet i Bergen. Eg trur eg må ta meg ein tur for å sjå i sommar. Her er nokre bilete frå nettsida deira:
English:
My first real garden investment is a rhododendron. The best thing about the rhododendron, is that they are green during winter, and there are so many different types. Because this plant is a forest floor plant, it likes shade. Azaleas, on the other hand, are not wintergreen. Both azaleas and smaller types of rhododendron need more sun. The rhododendron need acidic soil. I really have no idea wether my garden has acidic or alkaline soil, so I just have to hope for the best. Our garden has one rhododendron in front and two in the back (I think one of them is an azalea). Since they are old and covered with moss, I assume they've been here for a while. Another great thing about this plant, is that it doesn't require pruning. Keep in mind that it's poisonous for humans and livestock. The biggest collection of rhododendrons in the Nordic countries is here in Bergen, in The Norwegian Arboretum. That's where I found the beautiful pictures. I think I have to go for an inspiration-trip in the summer.
Ina Christine
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar