Sider

tirsdag 22. mai 2012

Plommetre

Treet framfor huset har stått der goldt og bladlaust i fleire månader, og vi har lurt og lurt og lurt på kva for slags tre det er. Men no har blad og blomer komne fram, og det blømer som berre det. vakkert!


Ein finn i tillegg utvetydige spor i graset. Gamle steinar frå i fjor ligg strødd. Alt tyder på at dette er eit plommetre. Hurra! Vi gler oss til plommene kjem.


The tree in front of our house has been barren for many months, but now leaves and flowers are covering the branches. We have been wondering and wondering and wondering about what kind of tree this is! Along with the flowers, there are other clues in the grass, there are stones from last year scattered all over the grass. So everything points to this being a plum-tree. Yay! We're looking forward to seeing the plums.

lørdag 19. mai 2012

Utfordring

Eg har fått ein utfordring. Etter å ha sett blyanten som eg hekla, har eg fått i utfordring å hekle ei dukke. Ikkje ei kva for helst slags dukke, men sjølvaste Baron vann Frode.


Den utfordringa tar eg sjølvsagt på strak arm. Men sidan eg har mykje på tapetet, så må det vente litt. Resultatet får du i alle fall sjå her når det kjem. Vent i spenning! Medan du ventar, kan du lesa om Baronen her, og kanskje kosa deg med denne filmen. Ein del har kanskje allereie sett Baronen på NRK 17. mai, då han ønska alt det best til folket i Noreg.
Baronen vil av og til vere å finne rundt Baronselva i Os, f eks akkurat no. Løp!


After seeing my pencil, I got a challenge. I've been challenged to make a dummy out of Baron vann Frode, who will appear once in a while around Baronselva here in Os. Of course I'm taking on this cahllenge without even blinking.

Klematis

Eg har kjøpt ein Klematis 'Clematis'. Det er ein prøveklematis. Vi har grunn jord på steingrunn, så eg er spent på kor langt ned eg klarar å grave. Eg har for lengst blitt ein hageoptimist, og svaret på grunn jord er å bygge opp jorda. Altså lage ein haug med jord og plante nedi. Så eg gjev meg ikkje så lett, nei.

Men altså, Klematis. Klematis er ei slyngplante. Det finst omlag 300 sortar. Ein finn mykje god informasjon om klematis her. Kort fortalt:
  • Ein skal velge ei plante med god rotmasse (noko som eigentleg er vanskeleg, for ein vil jo ikkje stå med jord rundt seg på eit hagesenter og ei plante der røtene ikkje langer passar ned i plastikkhaldaren). Men det er i alle fall viktig, då.
  • Ein må grave eit stort hol, 50 cm djupt og med 40 cm breidde.
  • Ein må ha god drenering, og vatnet må kome ned til røtene.
  • Ein må plante i riktig jord; 30 % kompost, 30 % jord og 30% kukompost + 10% beinmel.
  • Planta må stå i vatn ca 20 minutter før planting, slik at røtene får fylle seg med vatn.
  • Planta skal plantast så djupt at den sit 10-15 cm djupare i jorda enn ho gjorde frå før.
  • Botnen skal stå i skugge, toppen i sol. Ein kan gjerne plante ei anna plante framfor, eller legge steinheller framfor planta, slik at røtene ikkje tørkar inn.
  • I vekstsesongen kan ein gjødsle annakvar gong med beinmel og heilgjødning. Altså beinmel i april/mai, fullgjødning i juni, beinmel i juli osv.
Det finst mange ulike typar Klematis, frå dei heilt små staudeaktige, til store slyngplanter.

'Dr. Ruppel'

'Arabella'

'Pink Fanta'
Bilete frå plantasjen.no

Klematis vert delt inn i 3 grupper, etter stell:
  1. Klematis som blømer på greiner frå forrige sesong.
  2. Klematis som blømer på greiner frå forrige sesong og nye skot.
  3. Klematis som blømer kun på nye skot
No er det berre til å velge seg ein Klematis eller to!



I've bough a Clematis as a test. They have to be platned deep, about 1/2 m, and I'm not sure I'll be able to dig that deep in my shallow garden. The Clematis is a vine, and there are about 300 different types, from the smallest ones to big vines for your pergola. The Clematis likes sun, but the roots need shade, and should be covered by other plants or slabs, to keep the soil moist.


torsdag 17. mai 2012

17. mai er vi så gla i

Hurra for 17. mai!
Den beste dagen i året for store og små. Dagen då alle gleder seg i eining over vårt frie land. Min kjære lille gut har skrive eit 17. mai dikt på skulen. Det er eit sånt nydeleg beskrivande dikt, og eg har fått lov til å legga det ut på bloggen min. Så er kjem det:

17. mai
17. mai ser ut som ein helligdag.
Høyrest ut som ein tyggjegummi.
Lukter som ein crème brûlée.
Smaker som nysteikte pannekaker.
Kjennes ut som ein hot dog.
17. mai.

Sant det var fint?
Eg ønsker deg ein strålande 17. mai!



English:
The best day of the year is the 17th of may here in Norway. My darling boy has written a poem about our National Day, 17th of may. It's such a beautiful poem, and I have permission to share it with you.It translates like this:

17th of may
17th of may looks like holliday.
Sounds like bubblegum.
Smells like crème brûlée.
Tastes like newly made pancakes.
Feels like a hot dog.
17th of may.

Happy 17th of may to all!

Ina Christine

mandag 14. mai 2012

Sol i sinnet

I dag har det ikkje vore sol, men då kan vi heldigvis tenke tilbake på dagar vi hadde sol! Og den gong klarte vi å nyta solen med frukost i det fri. Vi dekka på bordet, og eg prøvde meg på ein liten blomebukett... Noko som ikkje viste seg å bli enkelt, sidan det ikkje var blomer nokon stad. Bambus og påskeliljer frå krukka vart redninga. 


 

Hagearbeid og kaffebesøk resulterte i ein farge som ligna mest på kokt hummer. Med solbrillleauge på toppen. Men akk, kva ofrer ein ikkje for litt sol?


English:
It's been raining today, but luckily I still remember a time when we had sun sun sun! We had breakfast in the garden. After breakfast, I did some gardening, and then we had e friend over for coffee. All this resulted in a face-colouration similar to a boiled lobster. To top it of, I had huge sunglasses-marks around my eyes. Oh, the things we sacrifice for a little sun...




Ina Christine

søndag 13. mai 2012

The Fairy

Eg har med ein rose på flyttelasset. 'The Fairy' er ein klaserose med rosa roser. Den bløma fint i fjor, men då var det regn heile tida, så eg fekknesten ikkje sett det. Men i år skal eg nyte synet!
'The Fairy' egner seg til bunndekke. Det vert sagt at "den blomstrer så overdådig, at bladene etter hvert blir nesten usynlige. Ønsker du å dekke marken helt med rosa blomster, skal du bruke the Fairy".
Den skal plantast i moldrik jord, det vil seie jord med kompost eller kugjødsel. Planta krev lite stell, og blømer lenge.

Tenk om min vert slik til sommaren:



Bileta er linka.

Høgd: 60 cm
Breidde: 80 cm
Blømer: juni-oktober, remonterande
Skal stå solrikt.
Klimasone: H5-6

Ønsk meg lukke til!

English:
I brought a rosebush along when I moved in. 'The Fairy' is a groundcovering bush that mount repeatedly from june to october here i western Norway. It's easy to handle, and blooms eagerly so that the leaves almost aren't visible at all. I wish mine will look like the pictures this year!

Wish me luck!


Ina Christine

Scarlet Wonder

Det viser seg at den første rhododendronen eg har kjøpt heiter Scarlet Wonder. Lappen hadde ingen informasjon utover høgda på planten, så eg tråla internetten for å finne meir.


Scarlet Wonder har, som namnet seier, raude blomer. Det er ein hardfør type. På lappen står det at han blir 20-30 cm høg. Andre stader står det ein halv meter, og opp til 70 cm høg. Han vil bre seg ut til sidene, då det er ein krypande rhododendron. Blømingstida er i mai.

Eg har laga ein oversikt over planta, som eg tenkjer å bruke sjølv, som ein hugselapp. Kanskje kan du bruke ho og.


English:
Turns out my rhododendron is a Scarlet Wonder. It has scarlet flowers in may. The note on it said hight 20-30 cm, but the internet says max 0,9 m. It will spread out. I made an overview of the plant, as a reminder to myself. Maybe it will be useful for you too.


Ina Christine

mandag 7. mai 2012

Mynte

Eg har ein del sjølvvanningspotter at typen Eva Solo. Til min uendelege skuffing, så daua alle urtene eg så full av von stappa ned i dei. Det må seiast at dei fungerar utmerka på andre stoveplantar. Men så ein dag kjøpte mannen to mynte-planter, og dei trivst fantastisk godt i pottene sine! Dei veks og veks, og no drikk dei ei heil potte med vatn på to døgn. Ikkje verst.
Her er den eine, i all si prakt:


Det har kome blomer på ho.


No sit eg og nyt eit glas café latte. Mmm.


Men kva skal eg gjere med all denne mynta? Hmmm. Det første ein tenkjer på er mojito, men ein kan jo ikkje drikke det heile tida. Eg får snart frukostbesøk. Då tenkte eg å lage scones. Kva passar betre som tilbehør enn te? Og kvifor ikkje myntete? Det er enkelt å lage. Legg mynteblad i ein kopp eller eit glas. Hell på varmt vatn, og la det trekka nokre minutter. Så kan ein ha i honning eller sukker etter behov.


Ha ein fantastisk fin 7. mai, enten du har sol, regn , snø eller hagl.


English:
I have a number of self-watering pots for herbs. To my disappointment, they all die quickly. On the other side, my other livingroom-plants thrive in them. That was until my husband bought two mint-plants. They absolutely love these pots, and have grown rather large. Now they drink one pot of water every to days. So what do I use it for? The obvious to go for is Mojitos, but I can't drink that all day... This morning I'm having a friend over for breakfast. I plan to make scones, and what could be more perfect than mint-tea to have with them? It's relly easy to make. Put some mint-leaves or stems in a cup or a glass, and pour hot water over it. Let it set for a few minutes, and then drink with honey or sugar if you wish.

Have a wonderful 7th of may, whatever weather you'll be having (we've had snow here the last days).


Ina Christine