Sider

søndag 23. desember 2012

4. søndag i advent

Tenk, det er allereie 4. søndag i advent! Og i tillegg lille julaften. Heldigvis er alle julegåvene i boks, og alt er klart. Eg skal jobbe på julaften, og gler meg til å komme heim for å ete julemiddag og kose meg saman med mannen min. Denne jula er knotten hos far sin, og eg unner dei ein koseleg julekveld saman. Julaften utan born er for mange ein mangelfull måte å feire på. For dei fleste handlar jula om Jesu fødsel, og dei vanskelege omstenda han vart fødd under. På 4. søndag i advent går tankane til alle borna i verda som ikkje lever opp til å fylle 5 år. Vi støttar Plan, og deira arbeid for å hjelpe born med å overleve dei 5 første åra. Give me 5 er eit flott prosjekt. Enkelte stader i verda døyr kvart åttande born før det fyller 5 år. Tenk på det! For oss er det ei tragedie dersom eit born døyr. For andre er det kvardag. 

Gledeleg fjerde søndag i advent til deg!


Oh my, It's already the Fourth Sunday of Advent! And for us in Norway, it's the day before Christmas. Luckily all the Christmas gifts are ready. I'll be working on Christmas Eve, and I'm really looking forward to coming home to my husband for Christmas dinner. This Christmas, my son is celebrating with his father. I hope they have a wonderful Christmas Eve together. For many it feels like half a Christmas Eve to celebrate without children. For many, Christmas is about the birth of Jesus, and the difficult circumstances around his birth. On this Fourth Sunday of Advent, I think of all the children who don't live to see their fifth birthday. We support Plans work to help children survive their first 5 years. Give Me 5 is a great project. Som places in the world, one of 8 children die before the age of five. Think about that! For us, it's a tragedy every time a child dies. For others, it's their every day living. 

Happy Fourth Sunday of Advent to you!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar