Sider

torsdag 17. mai 2012

17. mai er vi så gla i

Hurra for 17. mai!
Den beste dagen i året for store og små. Dagen då alle gleder seg i eining over vårt frie land. Min kjære lille gut har skrive eit 17. mai dikt på skulen. Det er eit sånt nydeleg beskrivande dikt, og eg har fått lov til å legga det ut på bloggen min. Så er kjem det:

17. mai
17. mai ser ut som ein helligdag.
Høyrest ut som ein tyggjegummi.
Lukter som ein crème brûlée.
Smaker som nysteikte pannekaker.
Kjennes ut som ein hot dog.
17. mai.

Sant det var fint?
Eg ønsker deg ein strålande 17. mai!



English:
The best day of the year is the 17th of may here in Norway. My darling boy has written a poem about our National Day, 17th of may. It's such a beautiful poem, and I have permission to share it with you.It translates like this:

17th of may
17th of may looks like holliday.
Sounds like bubblegum.
Smells like crème brûlée.
Tastes like newly made pancakes.
Feels like a hot dog.
17th of may.

Happy 17th of may to all!

Ina Christine

mandag 14. mai 2012

Sol i sinnet

I dag har det ikkje vore sol, men då kan vi heldigvis tenke tilbake på dagar vi hadde sol! Og den gong klarte vi å nyta solen med frukost i det fri. Vi dekka på bordet, og eg prøvde meg på ein liten blomebukett... Noko som ikkje viste seg å bli enkelt, sidan det ikkje var blomer nokon stad. Bambus og påskeliljer frå krukka vart redninga. 


 

Hagearbeid og kaffebesøk resulterte i ein farge som ligna mest på kokt hummer. Med solbrillleauge på toppen. Men akk, kva ofrer ein ikkje for litt sol?


English:
It's been raining today, but luckily I still remember a time when we had sun sun sun! We had breakfast in the garden. After breakfast, I did some gardening, and then we had e friend over for coffee. All this resulted in a face-colouration similar to a boiled lobster. To top it of, I had huge sunglasses-marks around my eyes. Oh, the things we sacrifice for a little sun...




Ina Christine

søndag 13. mai 2012

The Fairy

Eg har med ein rose på flyttelasset. 'The Fairy' er ein klaserose med rosa roser. Den bløma fint i fjor, men då var det regn heile tida, så eg fekknesten ikkje sett det. Men i år skal eg nyte synet!
'The Fairy' egner seg til bunndekke. Det vert sagt at "den blomstrer så overdådig, at bladene etter hvert blir nesten usynlige. Ønsker du å dekke marken helt med rosa blomster, skal du bruke the Fairy".
Den skal plantast i moldrik jord, det vil seie jord med kompost eller kugjødsel. Planta krev lite stell, og blømer lenge.

Tenk om min vert slik til sommaren:



Bileta er linka.

Høgd: 60 cm
Breidde: 80 cm
Blømer: juni-oktober, remonterande
Skal stå solrikt.
Klimasone: H5-6

Ønsk meg lukke til!

English:
I brought a rosebush along when I moved in. 'The Fairy' is a groundcovering bush that mount repeatedly from june to october here i western Norway. It's easy to handle, and blooms eagerly so that the leaves almost aren't visible at all. I wish mine will look like the pictures this year!

Wish me luck!


Ina Christine

Scarlet Wonder

Det viser seg at den første rhododendronen eg har kjøpt heiter Scarlet Wonder. Lappen hadde ingen informasjon utover høgda på planten, så eg tråla internetten for å finne meir.


Scarlet Wonder har, som namnet seier, raude blomer. Det er ein hardfør type. På lappen står det at han blir 20-30 cm høg. Andre stader står det ein halv meter, og opp til 70 cm høg. Han vil bre seg ut til sidene, då det er ein krypande rhododendron. Blømingstida er i mai.

Eg har laga ein oversikt over planta, som eg tenkjer å bruke sjølv, som ein hugselapp. Kanskje kan du bruke ho og.


English:
Turns out my rhododendron is a Scarlet Wonder. It has scarlet flowers in may. The note on it said hight 20-30 cm, but the internet says max 0,9 m. It will spread out. I made an overview of the plant, as a reminder to myself. Maybe it will be useful for you too.


Ina Christine

mandag 7. mai 2012

Mynte

Eg har ein del sjølvvanningspotter at typen Eva Solo. Til min uendelege skuffing, så daua alle urtene eg så full av von stappa ned i dei. Det må seiast at dei fungerar utmerka på andre stoveplantar. Men så ein dag kjøpte mannen to mynte-planter, og dei trivst fantastisk godt i pottene sine! Dei veks og veks, og no drikk dei ei heil potte med vatn på to døgn. Ikkje verst.
Her er den eine, i all si prakt:


Det har kome blomer på ho.


No sit eg og nyt eit glas café latte. Mmm.


Men kva skal eg gjere med all denne mynta? Hmmm. Det første ein tenkjer på er mojito, men ein kan jo ikkje drikke det heile tida. Eg får snart frukostbesøk. Då tenkte eg å lage scones. Kva passar betre som tilbehør enn te? Og kvifor ikkje myntete? Det er enkelt å lage. Legg mynteblad i ein kopp eller eit glas. Hell på varmt vatn, og la det trekka nokre minutter. Så kan ein ha i honning eller sukker etter behov.


Ha ein fantastisk fin 7. mai, enten du har sol, regn , snø eller hagl.


English:
I have a number of self-watering pots for herbs. To my disappointment, they all die quickly. On the other side, my other livingroom-plants thrive in them. That was until my husband bought two mint-plants. They absolutely love these pots, and have grown rather large. Now they drink one pot of water every to days. So what do I use it for? The obvious to go for is Mojitos, but I can't drink that all day... This morning I'm having a friend over for breakfast. I plan to make scones, and what could be more perfect than mint-tea to have with them? It's relly easy to make. Put some mint-leaves or stems in a cup or a glass, and pour hot water over it. Let it set for a few minutes, and then drink with honey or sugar if you wish.

Have a wonderful 7th of may, whatever weather you'll be having (we've had snow here the last days).


Ina Christine