Sider

fredag 15. juni 2012

Ville de Lyon

Min første Klematis heiter 'Ville de Lyon', som er ein gamal klassikar, frå 1899! Han blømer frå juni til oktober. Planta blir 3-4 meter, og treng å bindast opp. Blomene er 10-15 cm store, og purpurrøde. Dei har ein sterk duft.

'Ville de Lyon' vert for det meste brukt som ein type 3 Klematis, det vil seie at han vert skore ned så kraftig at han berre blømer på nye skot. Planta kan og brukast som ein gruppe 2 - og ikkje skjerast ned så kraftig, og ho vil då bløme på gamle og nye skot. Dette kan gje større (men færre) blomer, men i tillegg fleire visne blad nedst på planta. Ein skal skjera ned til 40-50 cm over bakken.

Eg har planta mi ved plommetreet framfor huset. Her er det hekk heile vegen, og difor lunare enn andre stader. Framfor planta eg kinanellik, som har overvintra i potter frå i fjor. Eg har i tillegg lagt steiner rundt, for å halde på fukt i jorda. Alt dette vil gje skugge til røtene. Eg håper det er nok sol til at 'Ville de Lyon' vil klare seg her.





My first Clematis is the 'Ville de Lyon'. It's a vine, and needs support to help it climb. It flowers in june-october, with big, purple flowers. I planted it at the foot of my plum-tree. In front i planted cloves, and I covered around with slabs, to keep the soil moist. This will keep the roots cool. I hope there's enough sun to keep mye 'Ville de Lyon' alive.