Sider

Viser innlegg med etiketten klatre- og slyngplanter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten klatre- og slyngplanter. Vis alle innlegg

tirsdag 28. mai 2013

Humle

Då eg må innsjå at vi ikkje har den perfekte hage for dei fleste planter (det bles, er kaldare enn gjennomsnittet for der vi bur, det kjem barfrost og det regner stort sett heile tida), har eg revurdert situasjonen. Svaret er noko som veks som berre juling om sommaren. Vi har kjøpt Humle (Humulus Lupulus). På Grønn Glede sa dei at ho veks 8 meter på ei sommar. Plantasjen nøyer seg med 4 meter per sommar, men det held for meg. 

Farge: Grøn
Blome: Gulkvite, kongeliknande
Storleik: Veks 4-6 m nye skot kvart år. Dei visnar ned om hausten. 
Stell: Halvskugge i humusrik, jamnt fuktig jord. Må ha noko å klatre etter. 
Sone: H8

Dersom ikkje dette fungerar, så må vi nesten gje opp. Ønsk oss lykke til!


Humle
Humle
Hops
I have to admit that my garden isn't made for most plants (it's windy, it's colder than most in this area, it gets black frost, and it rains all the time. 

Colour: Green
Flowers: Yellowish green, coneshaped 
Sie: Gros 4-6 meters (according to the garden shop) new branches each year. Theywither each autumn, and grow back next year. 
Care: Semishadow in evenly moist humus. Needs something to climb.
Zone: H8

If this doesn't work, we almost have to give up. Wish us luck!

torsdag 23. mai 2013

Alpeklematis

Klematis nr 3 heiter noko så uromantisk som Alpina; Alpeklematis. Det fine er at han ser ut til å tole det meste. Mens alle rosene og klematisene og til og med rhododendronene ser ut til å daua eller blitt hardt skadde, er denne i full knopp. Det likar eg!

Farge: Blå med gul kjerne
Blomestorleik: Små, klokkeforma
Høgd: 2,5-3 m, veks lite i starten, men meir etter kvart.
Stell: Sol, halvskugge, skugge. Skal ikkje skjerast ned, evt kun for å redusere storleik, og då etter bløming. Humusrik jord blanda med grus og stein. Kalkrik jord. 
Sone: H6


Min vakre Alpina.
My beautiful Alpina.
File:Clematis alpina 'Tage Lundell'.jpg
Eg håpar den blir slik. 
I hope it turns out like this.
Biletet er linka/The picture is linked

My third Clematis is the Alpina. So not a romantic name, but the important thing is it seems to survive anything. I like!

Colour: Blue with a yellow core
Flower: Small, bell-shaped
Size: 2,5-3 meters, grows little at first, but then more after a few years.
Care: Sunny, shadow. Not to be cut, if not to reduse size, and then only after flowering. Humus mixed with gravel and stone. Calcareous soil.
Zone: H6


tirsdag 21. mai 2013

Nelly Moser



Klematis nr 2 heiter Nelly Moser. Det er ein gamal klematis, frå 1897. 

Farge: Kvit/rosa stripete
Blomestørrelse: store, 10-15 cm
Blømer: juni-oktober
Høgd: 3-4 m
Stell: sol, halvskuge, skugge. Skal skjerast ned om våren, døde og svake greiner skal fjernast ned til kraftige knoppar. Gamle greinar bør fjernast for å stimulere ny vekst, men alle skal ikkje fjernast samstundes. 
Sone: H4

Min ser svært daud ut, men eg har sett ein liten spire nedst ved bakken. Berre til å krysse fingrane. Denne vinteren har tatt knekken på det meste her i Bergensområdet. Tørke er ikkje noko vi er van med...

File:Clematis Nelly Moser.jpg
Nelly Moser
Biletet er linka/the picture is linked

My second Clematis i s called Nelly Moser. It's an old Clematis, from 1897. 

Colour: White/pink striped
Flower: Big, 10-15 cm
Blooms: June-october
Hight: 3-4 meters
Care: Sunny, shadow. To be cut down in spring. Dead and weak branches should be removed down to a couple of powerful buds. Old branches should be removed to stimulate new growth, but not all at the same time. 
Zone:  H4. 

Sadly it looks pretty dead. I've seen a sprout at the ground, so I just cross my fingers and hope for the best. This winter has killed nearly everything around Bergen. We're not used to droughts... It usually rains all winter. 

fredag 15. juni 2012

Ville de Lyon

Min første Klematis heiter 'Ville de Lyon', som er ein gamal klassikar, frå 1899! Han blømer frå juni til oktober. Planta blir 3-4 meter, og treng å bindast opp. Blomene er 10-15 cm store, og purpurrøde. Dei har ein sterk duft.

'Ville de Lyon' vert for det meste brukt som ein type 3 Klematis, det vil seie at han vert skore ned så kraftig at han berre blømer på nye skot. Planta kan og brukast som ein gruppe 2 - og ikkje skjerast ned så kraftig, og ho vil då bløme på gamle og nye skot. Dette kan gje større (men færre) blomer, men i tillegg fleire visne blad nedst på planta. Ein skal skjera ned til 40-50 cm over bakken.

Eg har planta mi ved plommetreet framfor huset. Her er det hekk heile vegen, og difor lunare enn andre stader. Framfor planta eg kinanellik, som har overvintra i potter frå i fjor. Eg har i tillegg lagt steiner rundt, for å halde på fukt i jorda. Alt dette vil gje skugge til røtene. Eg håper det er nok sol til at 'Ville de Lyon' vil klare seg her.





My first Clematis is the 'Ville de Lyon'. It's a vine, and needs support to help it climb. It flowers in june-october, with big, purple flowers. I planted it at the foot of my plum-tree. In front i planted cloves, and I covered around with slabs, to keep the soil moist. This will keep the roots cool. I hope there's enough sun to keep mye 'Ville de Lyon' alive.

lørdag 19. mai 2012

Klematis

Eg har kjøpt ein Klematis 'Clematis'. Det er ein prøveklematis. Vi har grunn jord på steingrunn, så eg er spent på kor langt ned eg klarar å grave. Eg har for lengst blitt ein hageoptimist, og svaret på grunn jord er å bygge opp jorda. Altså lage ein haug med jord og plante nedi. Så eg gjev meg ikkje så lett, nei.

Men altså, Klematis. Klematis er ei slyngplante. Det finst omlag 300 sortar. Ein finn mykje god informasjon om klematis her. Kort fortalt:
  • Ein skal velge ei plante med god rotmasse (noko som eigentleg er vanskeleg, for ein vil jo ikkje stå med jord rundt seg på eit hagesenter og ei plante der røtene ikkje langer passar ned i plastikkhaldaren). Men det er i alle fall viktig, då.
  • Ein må grave eit stort hol, 50 cm djupt og med 40 cm breidde.
  • Ein må ha god drenering, og vatnet må kome ned til røtene.
  • Ein må plante i riktig jord; 30 % kompost, 30 % jord og 30% kukompost + 10% beinmel.
  • Planta må stå i vatn ca 20 minutter før planting, slik at røtene får fylle seg med vatn.
  • Planta skal plantast så djupt at den sit 10-15 cm djupare i jorda enn ho gjorde frå før.
  • Botnen skal stå i skugge, toppen i sol. Ein kan gjerne plante ei anna plante framfor, eller legge steinheller framfor planta, slik at røtene ikkje tørkar inn.
  • I vekstsesongen kan ein gjødsle annakvar gong med beinmel og heilgjødning. Altså beinmel i april/mai, fullgjødning i juni, beinmel i juli osv.
Det finst mange ulike typar Klematis, frå dei heilt små staudeaktige, til store slyngplanter.

'Dr. Ruppel'

'Arabella'

'Pink Fanta'
Bilete frå plantasjen.no

Klematis vert delt inn i 3 grupper, etter stell:
  1. Klematis som blømer på greiner frå forrige sesong.
  2. Klematis som blømer på greiner frå forrige sesong og nye skot.
  3. Klematis som blømer kun på nye skot
No er det berre til å velge seg ein Klematis eller to!



I've bough a Clematis as a test. They have to be platned deep, about 1/2 m, and I'm not sure I'll be able to dig that deep in my shallow garden. The Clematis is a vine, and there are about 300 different types, from the smallest ones to big vines for your pergola. The Clematis likes sun, but the roots need shade, and should be covered by other plants or slabs, to keep the soil moist.