Sider

mandag 9. januar 2012

Korleis laga ei rund pute - biletversjon

No har eg endeleg redigert alle bileta frå min private putetrekkfotoshoot. Det tok tid. Eg har sydd runde putetrekk utan oppskrift og mønster, så dette er mi måte å gjere det på. Eg håpar de forstår kva eg meiner, men bare spør i kommentarfeltet =) 


Altså fyrst, så treng du ei rund pute og stoff. Legg puta på stoffet og klipp ein runding. Pass på at du får med nok til dekke halve overflata på puta. Altså må du måla stoffet opp til midt på kanten av puta. Eg festa stoffet med nåler langs kanten, og klippa etter det.


Då vert det ein sirkel som er litt større enn puta, men stor nok.


Så skal du ha eit avlangt stoffstykke, omtrent like langt som omkrinsen på puta, og like breidt som halve diameteren på puta.


Du legg stoffet rundt puta, og måler. Dersom det er litt mindre, så gjer det ingen ting.


Så skal du sy i glidelås, dersom du ønskjer dette. Då må du dele sirkelen i to. Så syr du sikksakksting rundt kanten på halvsirklane, og syr i glidelåsen. Deretter syr du sikksakksting rundt kanten på det avlange stoffstykket. Detter er for at ikkje stoffet skal rakne.
Eg visar ikkje glidelås her, det finn du på youtube eller noko =)

Så skal du feste det avlange stoffstykket til sirkelen. Først syr du kortsidane på rektangelen saman, rette mot rette, altså søm på vrangsida. Deretter festar du stoffet rette mot rette på sirkelen slik: Fest stoffet saman i eit punkt med ein nål. Brett sirkelen og finn midten. Dra i det andre stoffet for å finna midten. Fest dei saman i punkt 2, deretter 3 og 4 osv, alt etter kor mange stader du vil feste dei saman. 

Når du har festa nåler jevnt rundt, så ser du om det eine stoffstykket er større enn det andre, ved at det heng litt i forhold, som på biletet under.


Då finn du midten mellom nålene...


...og bretter det lengste stoffstykket, slik at det passar med det andre:
  

Då har du laga ein legg. Fortset slik rundt puta.


Då skal det sjå slik ut:


Så syr du rundt puta. Pass på at du syr med legga, at dei ikkje ligg motstrøms mot syretninga, då blir det krøll. Så vrenger du putetrekket, og då skal det sjå slik ut:


Framsida er framleis open. Vreng putetrekket tilbake, så du arbeider på baksida. Du må lukke framsida ved å samla stoffet i enden som ei blome, slik:


Det gjer du ved å brette stoffet i falder med jamne mellomrom, og feste kvar fald med ei nål. Så legg du "blomeblada" ned i same retning, så kvar overlappar den forrige, og får ei vifteform, som dette:


Fest kvart "blomeblad mot underlaget med ei nål. Når du vrengjer puta, skal det sjå slik ut på framsida:


Vreng tilbake. Sy frå baksida i sniglehusform. Start ytterst og sy innover. Rundt og rundt, med ca 1 cm mellomrom inn mot midten. Fjern nålene etter kvart, så dei ikkje er i vegen, men pass på at du ikkje fjerner dei for tidleg.


Når du då vrengjer putetrekket, og tek puta inni, skal den sjå slik ut:


Nærbilete av midten på framsida:


TADAM! Ferdig. Ein må prøve og feile, sy og rakne opp att. Men slik er det, og ein lærer undervegs.

LUKKE TIL!


English: I've finally finished my DIY round pillowcase. I don't like to use instructions and patterns. I just do it my way, trying and failing, and trying again!


Ina Christine

søndag 8. januar 2012

Sjukdom og passande mat

Så starta det nye året med sjukdom. Ikkje heilt etter planen, men kva kan ein gjera?


Her er i alle fall oppskrift på mat som er snill mot magen, i tilfelle de treng det (håpar ikkje det). Oppskrifta er frå Sophie Dahls "Miss Dahl's Voluptuous Delights", som er den vakraste kokeboka eg veit om. Tanken var at ris er lett fordøyeleg. I små mengder.


Slik gjer du:
  • Kok opp ca 1,75 dl mjølk, valfri type, saman med
  • 0,6 dl basmati- eller jasminris,
  • kanel og
  • kardemomme etter smak.
Let dette koka under lokk til det er ein slags graut (ikkje heilt i norsk tyding, då, men).


Når dette kokar, tek du:
  • 0,5 dl eplejuice
  • ei pære, i små skivar, og
  • kanel etter smak,
og kokar dette til pæra er mør. Mos med stavmiksar.


Så skal du ete grauten med pærepuréen på. Veldig godt! Et sakte, og så kryssar du fingrane for at det ikkje kjem opp att.


NB! For de som har små ungar er dette perfekt bornemat.


Lukke til, eg vonar at året startar betre for dykk enn det gjorde for meg =)


English:
The new year started with illlness on my account. Being sick was not planned, but what can one do? When I started to eat again, I tried Sophie Dahl's "rice pourridge and pear purrée", taken from her book "Miss Dahl's Voluptuous Delights". Easily digested, I thought. And thankfully, I was right. 


Ina Christine

Korleis sy eit rundt putetrekk

No har eg endeleg fått tid til å skrive dette innlegget. Med sjukdom  i starten av det nye året har det teke si tid. Føl deg fri til å stille spørsmål dersom det er noko du ikkje forstår!




Det første du skal gjere er å dela sirkelen i to like store deler, dersom du vil ha glidelås i trekket. Så syr du i glidelåsen.
Sy saman kortsidene på rektangelen, så du får ein sylinder. Deretter skal du feste eine kanten av sylinderen mot kanten på sirkelen med nåler. Dersom delane ikkje passar heilt i storleik, lagar du legg med jamne mellomrom i den delen som er størst. Her er det rom for å prøva seg fram!
Du har no ein runding med glidelås, med ein sylinder på. No kjem det vanskelege. Du skal samla enden på sylinderen for å lage ein rimeleg fin framside på puta.
Du må legge stoffet som ein vifte mot midten. Tenk på ein slik 17. mai vifte, korleis delane overlappar kvarandre.
du kan tenkje at dei ulike legga skal ligge slik:


Eit tips er at du let sømmen i sylinderen koma underst i eit legg. Du må bruke mange nåler for å feste etter kvart.
Til slutt skal det vere ein vifteform, der alle legga overlappar kvarandre. Omtrent slik:


På figuren markerer innerste sirkelen midten, den mellomste sirkelen markerer ytterkanten på legga, og strekane markerer legga. Så skal du sy over dette i sneglehusform. Eg starta ytterst og sirkla meg innover. Akkurat dette området bør dekkast med noko, ein blondeblom eller eit eller anna. det er vanskeleg å få det fint elles.

Det var ganske teknisk, eigentleg, men det er slik ein gjer det. Eg skal koma med bilete og visa trinn for trinn, men eg fekk ikkje tid til det i denne omgang. 


I've finally finished my DIY round pillowcase-post. Its kind of technical, but I will make another one, step-by-step with pictures, once I get the time. 


Eg vonar du kjem tilbake for å sjå bilete i neste innlegg =)


søndag 1. januar 2012

Velkommen 2012, og velkommen sofaputer

Så er det 2012. Eg synast 2011 gjekk altfor fort! Dette året starta med regn og tåke, men eg tenkjer at det ikkje vil vare. Eg har store planar om å bruke den nye hagen i år! Men sidan det framleis er vinter og kaldt - og vått - er det innsida av huset som får mest merksemd. Eg har starte på nye trekk til pynteputene i sofaen. Denne gongen har eg slått på stortromma og kjøpt svindyr brodert thaisilke. Det går an når ein berre skal sy eit einaste putetrekk. I tillegg har eg kjøpt fløyel og sandvaska silke, og brodert sateng. Det skal bli i alle fall to 50x50 putetrekk, to 40x40 putetrekk og to runde putetrekk. Planen var og eit 70x70 putetrekk, men eg ser at fløyel likar støv, så det må vurderast vidare.
Til no er eg ferdig med to putetrekk, her ser du dei:



Eg jobbar med ein gjer-det-sjølv oppskrift på rundt putetrekk. Det vart litt meir komplisert enn planlagt, men det kjem!


English:
I've been making new pillowcases for my sofa. This time I've bought expensive embroidered thai-silk, and also cheaper silk and velour. I'm working on a tutorial for a DIY round pillowcase. Hopefully it will be ready soon.


Ina Christine

Velkommen til KRÅKESØLV-bloggen!

Velkommen til den nye KRÅKESØLV-bloggen min.
Eg har oppretta ein ny blogg som vil vere ein blogg om mine hobbysyslar, og særskildt om KRÅKESØLVEg vonar du som er innom vil vende attende for å sjå og bli inspirert, og kanskje besøke butikken min på epla. Eg vert glad dersom du skriv ein kommentar til meg. Og sist, men ikkje minst: GODT NYTTÅR, eg vil ønske alle eit fantastisk 2012.


English: Welcome to my new blog, dedicated to me hobbies, and my shop at www.epla.no, called KRÅKESØLV. I hope you enjoy this blog, and I hope you'll come back to read. HAPPY NEW YEAR, everybody!


Ina Christine