Sider

søndag 2. september 2012

Evighetsblomer


Er det fest, så er det fest! Og då ser det slik ut heime hos oss:



Silkeblomer er fine, og enkle å lage. Ein finn mange oppskrifter på internett, til dømes her. 
Ein kan lage alle i same farge, eller i ulike farger, slik eg har. Eg lage ein haug med slike til bryllaupet vårt også, kvite inne og farga til å ha ute. 





When we have a party, it looks like this at our place. Tissuepaper flowers are beautiful and easy to make. And they last for ever. You find a tutorial here. You can make all in the same colour, or you can make different colours, like I did. I also made a lot of these for our wedding, white ones for the lunch inside, and multicoloured ones for the outside eventing tent.

lørdag 1. september 2012

Doughnuts!

Her i heimen er det ikkje bollar eller kake eller anna som står høgast i kurs. Nei, det er noko så unorsk som doughnuts! Som altså ikkje er det same som smultringar, berre så det er sagt. Doughnuts er mjuke og lyse, og dei treng ikkje smultsteikast. Vi har laga den varianten som er som ei kakerøre som ein steiker i ei plate med doughnut-formar, noko à la muffinsformar. Eg kjøpte mi på Traktøren. Eg kan steike 6 doughnuts om gongen. Dei skal ikkje steike så lenge, så det går greit.  

Oppskrift på kakerøre-doughnuts (omforma frå american):
4,75 dl sikta kveitemjøl
1,8 dl sukker
2 ts bakepulver
1/4 ts muskat (eller meir, om du ønsker)
1 ts salt
1,8 dl H-mjølk
2 egg
2 ss smelta smør

Bland det tørre. Bland det våte, og rør det i det tørre. Stort enklare kan det ikkje bli. Smør doughnut-forma, og ha kvar form 1/2-full. Steik ved 220 grader i 7-9 minutter. Avkjøl på rist, og ha sjokoladeglasur på toppen når dei er kalde. Server straks.

Som du ser, så er det lite sukker og feitt i denne oppskrifta. Eg har steikt det alt for lenge, fordei såg usteikte ut, men dei skal altså vere heilt lyse, har eg funne ut.Dei gjekk ned på høgkant sjølv om dei var litt tørre og oversteikte. Vi var 6 stk som åt 24 doughnuts, så dette verkar om ein idiotsikker oppskrift. Eg har forsøkt med glutenfri kakemix, og dei vart noko tørre, men dersom du dynkar dei i sjokoladesaus, så merkar ein ikkje det.

Oppskrift på sjokoladeglasur:
0,6 dl kokesjokolade
1 ss smelta smør
1 ss maissirup (eg veit ikkje kva det er eller gjer, men brukte lønnesirup, nam!)
1 ts varmt vatn

Ha alt utanom vatn i mikrobølgeovn på halv styrke i 1 minutt. Rør av og til. Dersom du ikke har slik nymotens mikrobølgeovn, så er sikkert vatnbad heilt greit. Ha i varmt vatn til slutt, og rør glatt.

NAM!





The favourite in our house is something un-norwegian as doughnuts. I make the cakedough type, baked in a mold.

Recipe:
2 cups flour
3/4 cups sugar
2 tsp bakingpowder
1/4 tsp ground nutmeg
1 tsp salt
3/4 cups milk
2 eggs
2 tbs melted butter

Mix all the dry ingredients. Mix all the wet ingredients, and stir them into the dry ones. Fill the doughnut molds half full, and bake for 7-9 minutes at 220 degrees Celsius or 430 degrees Farenheit.
They should be lightly tanned, not browned. Cool before frosting.

Recipe for chocolate frosting:
1/4 cup dark chocolate
1 tbs meltes butter
1 tbs cornsyrup
1 tsp hot water

Heat everything but the water in the microwave at half temperature for 1 minute. Stir occasionally. Add the hot water, and stir everything till smooth. Frost the cold doughnuts.

Enjoy!