Sider

Viser innlegg med etiketten DIY - lag det sjølv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DIY - lag det sjølv. Vis alle innlegg

søndag 27. april 2014

Namnefest

Vi har hatt namnefest for lille nurket. Sjølvsagt slo eg meg laus og laga babysko-bordkort og bretta hjerteservietter. Det blei slik:
We have clebrated my daughters birth, and I made baby shoe seating cards and folded the napkins into hearts.




Det enkle er ofte det beste, synes eg.
Simple is better.

LOVE

tirsdag 23. juli 2013

Kveitebakst på grill

I går hadde eg sååå lyst på skillingsboller! Men eg gadd ikkje lage det... Det var varmt og sol og ikkje akkurat bakever. Så kom eg på Anne på Landet sine kardemommeringar. Dei har eg prøvd før. Dei er superraske å lage, hever seg godt og får ein fantastisk konsistens. Oppskrifta finn du her. Eller min modifiserte her:

Modifiserte kanelringar:
4 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1ss sukker
1/2 ts salt
1 1/2 dl mjølk
1/2 dl olje

Sukker blanda med kanel.

Bland det tørre. Ha i det våte. Bland godt. Trill små pølser, ca 6 cm lange og 1cm tjukke. Lag ringer. Trykk dei ned i sukker og kanelblandinga (eller kanukker, som det heiter her i huset). Grill på middels varme, så ikkje sukkeret vert brent. Snu etter behov. Et!

Supergodt!


Yesterday, I had such a craving for cinnamon rolls! But I couldn't bother making them... It was sunny and warm, not baking weather at all (we dont't get much of that here in Norway). But then I remembered these cardamom rings from the Norwegian blog Anne på Landet. You grill them on the barbeque! Perfect for sunny weather. They turn out delicious in concistency, and are easy to make. Since I craved cinnamon, I modifies the recipe alittle. Here's the recipe:

Modified cinnamonrings:
4 dl / 240 g / 1.6 cups all purpose flour
2 ts / 10 g / 2 tsp baking powder
1ts / 5 g / 1 tsp vanilla sugar
1/2 ts / 2,5 g / 1/2 tsp salt
1 ss / 15 g / 1 tbs sugar
1,5 dl / 10 tbs / 0.6 cups + 2tbs milk
0,5 dl / 3 tbs / 0.2 cups neutral vegetable oil

Also: sugar mixed with cinnamon in a small bowl.

Mix all the dry ingredients. Add the wet ingredients, and mix well.
Roll out dough about 2 inches long an 1/3 inch thick. Make rings. Press into the sugar and cinnamon mix. Grill on medium heat so the sugar won't burn. Turn ceveral times, if  needed. Eat fresh and warm! Yum!


torsdag 9. mai 2013

17. mai-pynt

Eg har asnvaret for 17. mai på skulen i år, og må strekke budsjettet så langt eg kan. Difor lagar eg pynten sjølv. Det er jo kjekt og. Syltetøyglas, silkepapir, washiteip og gode gamle piperensere er det ein treng. 

I'm in charge of this years May 17th in our school, and I have to stretch the budget. So I'm making the decorations. All you need is left over jars, tissue paper, washitape, and good old fashioned pipe cleaners. May 17 th is our Constitution Day, so the flowers are the colours of the Norwegian flag; red, white and blue. 

Voilá:





Silkeblomer varar evig. 

Tissue flowers last for ever. 

lørdag 24. november 2012

Alternativ adventsstake for dei med liten plass

Eg har laga ein alternativ adventsstake til å ha på kjøkkenbordet. 
Bordet er lite, så dette er eit eksepsjonelt godt alternativ til dei med liten plass. 
Eg har sett 4 kertelys i ein liten skål. Så fylte eg ris oppi, for at dei skal stå støtt. Ein kan bruke sukker eller salt eller kva som helst. 
Eg har pynta med kanel og nellik. Det luktar utruleg godt! 
Og kva er vel advent utan ein isbjørn?






I've made an alternative advent candelabra for mye kitchen table. 
The table is small, så this is an exceptional good alternative for those with limited space. 
I put 4 small church candles in a bowl. I filled the bowl with rice to keep the candles steady. You can use sugar or salt or whatever. 
I also put cinnamon sticks and whole cloves in the bowl. It smells amazing! 
And what is advent without a polar bear?


<3

mandag 29. oktober 2012

Sy snopeposane!

Då vi feira tidlegare nemnd 11-årsdag, fann eg ut at eg like godt kunne sy snopeposane. 

When celebrating the former mentioned 11th birthday, I decided I may as well sew the goodiebags. 

Eg brukte handlaga papir av ulike typar, som eg klipte i rektangler. Eg passa på at dei vart store nok til å få plass til alt snopet. 

I used handmade paper, of different colours, and cut into rectangles. I made sure they were big enough to hold the candy. 

Først rulla eg dei saman, og passa på at sidene overlappa kvarandre ganske mykje, i alle fall 1,5 cm. Så sydde eg eine enden saman med symaskin, med ikkje for tett søm (ville ikkje risikere at papiret rakna). 

Rolling the rectangles together, I made sure the paper-endings overlapped with at least 1,5 cm. Then I sew one end with my sowing machine, using not to tight seams (so the paper should not unravel). 

Så stappa eg snopet nedi. 

Then i stuffed them with candy. 

Til slutt sydde eg andre enden, men "motsatt veg", som du ser på biletet. 

In the end I sew the other end, but turning it "the other way", as you see in the picture. 


Det tar ikkje så lang tid som ein skulle tru. Eg laga 30. 

It doesn't take as long as you may think. I made 30. 

søndag 28. oktober 2012

Halloween drink

Denne laga eg til Knotten sin 11-årsdag, men den eigner seg garantert flott til Halloween, dersom ein bryr seg om slikt.

I made this for juniors 11th birthday, but I'm sure it'll be perfect for Halloween, if you're into that stuff. 

Det er så enkelt: bland sitronbrus med blå konditorfarge. 

It's this easy: mix lemon soda and blue food colour.




Glasa lager du slik: Visp eggekvite lett. Dypp glasa nedi, og dypp dei så i blått perlesukker. La dei tørke før du brukar dei. 

You make the cups like this: Wisk together one egg white. Dip the cups in, and then dip them in blue sugar. Let them dry up before you use them. 

Blått perlesukker lager du slik: Ha perlesukker i ein tett pose. Ha litt gele- eller pulverkonditorfarge i posen, og rist/knersp godt saman. 

You make blue sugar like this: Put sugar in ziplock bag. Put in food colour of the gel or powder type, and shake/squish to mix. 

Voilá!





søndag 2. september 2012

Evighetsblomer


Er det fest, så er det fest! Og då ser det slik ut heime hos oss:



Silkeblomer er fine, og enkle å lage. Ein finn mange oppskrifter på internett, til dømes her. 
Ein kan lage alle i same farge, eller i ulike farger, slik eg har. Eg lage ein haug med slike til bryllaupet vårt også, kvite inne og farga til å ha ute. 





When we have a party, it looks like this at our place. Tissuepaper flowers are beautiful and easy to make. And they last for ever. You find a tutorial here. You can make all in the same colour, or you can make different colours, like I did. I also made a lot of these for our wedding, white ones for the lunch inside, and multicoloured ones for the outside eventing tent.

torsdag 19. april 2012

Med blanke ark og fargestifter til

Eg blir nokre gonger så inspirert av andre at eg ikkje klarar å dy meg. Då hender det at eg til og med har giddis til å hekle. Eg hekla mykje før, men ikkje noko særleg dei siste åra. Flinke Kaptein Biffepla.no har nokre oppskrifter på bloggen sin, som er gratis. Ein kan hekla til seg sjølv, men ikkje til å selge. Hugs det! Så eg enda opp med denne fargestiften:




Som skal vera til ein liten kompis. Enkel å lage, og fin å sjå på. Og ikkje minst mjuk å halde i for små fingrer!

Dersom du vil lage ein sjølv, så kan du sjå her.

Gledeleg hekling!


English:
Sometimes I get so inspired by others, and I can't help myself. Suddenly I find myself crocheting. I used to crochet more often before, but not so often the last years. Fantastic Kaptein Biff on epla.no has put out several free patterns on her blog, and you'll find the pencil-pattern here. Remember it's only for peronal use, you can't sell the pencil (or pattern).

Happy crocheting!


Ina Christine

mandag 9. januar 2012

Korleis laga ei rund pute - biletversjon

No har eg endeleg redigert alle bileta frå min private putetrekkfotoshoot. Det tok tid. Eg har sydd runde putetrekk utan oppskrift og mønster, så dette er mi måte å gjere det på. Eg håpar de forstår kva eg meiner, men bare spør i kommentarfeltet =) 


Altså fyrst, så treng du ei rund pute og stoff. Legg puta på stoffet og klipp ein runding. Pass på at du får med nok til dekke halve overflata på puta. Altså må du måla stoffet opp til midt på kanten av puta. Eg festa stoffet med nåler langs kanten, og klippa etter det.


Då vert det ein sirkel som er litt større enn puta, men stor nok.


Så skal du ha eit avlangt stoffstykke, omtrent like langt som omkrinsen på puta, og like breidt som halve diameteren på puta.


Du legg stoffet rundt puta, og måler. Dersom det er litt mindre, så gjer det ingen ting.


Så skal du sy i glidelås, dersom du ønskjer dette. Då må du dele sirkelen i to. Så syr du sikksakksting rundt kanten på halvsirklane, og syr i glidelåsen. Deretter syr du sikksakksting rundt kanten på det avlange stoffstykket. Detter er for at ikkje stoffet skal rakne.
Eg visar ikkje glidelås her, det finn du på youtube eller noko =)

Så skal du feste det avlange stoffstykket til sirkelen. Først syr du kortsidane på rektangelen saman, rette mot rette, altså søm på vrangsida. Deretter festar du stoffet rette mot rette på sirkelen slik: Fest stoffet saman i eit punkt med ein nål. Brett sirkelen og finn midten. Dra i det andre stoffet for å finna midten. Fest dei saman i punkt 2, deretter 3 og 4 osv, alt etter kor mange stader du vil feste dei saman. 

Når du har festa nåler jevnt rundt, så ser du om det eine stoffstykket er større enn det andre, ved at det heng litt i forhold, som på biletet under.


Då finn du midten mellom nålene...


...og bretter det lengste stoffstykket, slik at det passar med det andre:
  

Då har du laga ein legg. Fortset slik rundt puta.


Då skal det sjå slik ut:


Så syr du rundt puta. Pass på at du syr med legga, at dei ikkje ligg motstrøms mot syretninga, då blir det krøll. Så vrenger du putetrekket, og då skal det sjå slik ut:


Framsida er framleis open. Vreng putetrekket tilbake, så du arbeider på baksida. Du må lukke framsida ved å samla stoffet i enden som ei blome, slik:


Det gjer du ved å brette stoffet i falder med jamne mellomrom, og feste kvar fald med ei nål. Så legg du "blomeblada" ned i same retning, så kvar overlappar den forrige, og får ei vifteform, som dette:


Fest kvart "blomeblad mot underlaget med ei nål. Når du vrengjer puta, skal det sjå slik ut på framsida:


Vreng tilbake. Sy frå baksida i sniglehusform. Start ytterst og sy innover. Rundt og rundt, med ca 1 cm mellomrom inn mot midten. Fjern nålene etter kvart, så dei ikkje er i vegen, men pass på at du ikkje fjerner dei for tidleg.


Når du då vrengjer putetrekket, og tek puta inni, skal den sjå slik ut:


Nærbilete av midten på framsida:


TADAM! Ferdig. Ein må prøve og feile, sy og rakne opp att. Men slik er det, og ein lærer undervegs.

LUKKE TIL!


English: I've finally finished my DIY round pillowcase. I don't like to use instructions and patterns. I just do it my way, trying and failing, and trying again!


Ina Christine

søndag 8. januar 2012

Korleis sy eit rundt putetrekk

No har eg endeleg fått tid til å skrive dette innlegget. Med sjukdom  i starten av det nye året har det teke si tid. Føl deg fri til å stille spørsmål dersom det er noko du ikkje forstår!




Det første du skal gjere er å dela sirkelen i to like store deler, dersom du vil ha glidelås i trekket. Så syr du i glidelåsen.
Sy saman kortsidene på rektangelen, så du får ein sylinder. Deretter skal du feste eine kanten av sylinderen mot kanten på sirkelen med nåler. Dersom delane ikkje passar heilt i storleik, lagar du legg med jamne mellomrom i den delen som er størst. Her er det rom for å prøva seg fram!
Du har no ein runding med glidelås, med ein sylinder på. No kjem det vanskelege. Du skal samla enden på sylinderen for å lage ein rimeleg fin framside på puta.
Du må legge stoffet som ein vifte mot midten. Tenk på ein slik 17. mai vifte, korleis delane overlappar kvarandre.
du kan tenkje at dei ulike legga skal ligge slik:


Eit tips er at du let sømmen i sylinderen koma underst i eit legg. Du må bruke mange nåler for å feste etter kvart.
Til slutt skal det vere ein vifteform, der alle legga overlappar kvarandre. Omtrent slik:


På figuren markerer innerste sirkelen midten, den mellomste sirkelen markerer ytterkanten på legga, og strekane markerer legga. Så skal du sy over dette i sneglehusform. Eg starta ytterst og sirkla meg innover. Akkurat dette området bør dekkast med noko, ein blondeblom eller eit eller anna. det er vanskeleg å få det fint elles.

Det var ganske teknisk, eigentleg, men det er slik ein gjer det. Eg skal koma med bilete og visa trinn for trinn, men eg fekk ikkje tid til det i denne omgang. 


I've finally finished my DIY round pillowcase-post. Its kind of technical, but I will make another one, step-by-step with pictures, once I get the time. 


Eg vonar du kjem tilbake for å sjå bilete i neste innlegg =)