Sider

lørdag 19. mai 2012

Klematis

Eg har kjøpt ein Klematis 'Clematis'. Det er ein prøveklematis. Vi har grunn jord på steingrunn, så eg er spent på kor langt ned eg klarar å grave. Eg har for lengst blitt ein hageoptimist, og svaret på grunn jord er å bygge opp jorda. Altså lage ein haug med jord og plante nedi. Så eg gjev meg ikkje så lett, nei.

Men altså, Klematis. Klematis er ei slyngplante. Det finst omlag 300 sortar. Ein finn mykje god informasjon om klematis her. Kort fortalt:
  • Ein skal velge ei plante med god rotmasse (noko som eigentleg er vanskeleg, for ein vil jo ikkje stå med jord rundt seg på eit hagesenter og ei plante der røtene ikkje langer passar ned i plastikkhaldaren). Men det er i alle fall viktig, då.
  • Ein må grave eit stort hol, 50 cm djupt og med 40 cm breidde.
  • Ein må ha god drenering, og vatnet må kome ned til røtene.
  • Ein må plante i riktig jord; 30 % kompost, 30 % jord og 30% kukompost + 10% beinmel.
  • Planta må stå i vatn ca 20 minutter før planting, slik at røtene får fylle seg med vatn.
  • Planta skal plantast så djupt at den sit 10-15 cm djupare i jorda enn ho gjorde frå før.
  • Botnen skal stå i skugge, toppen i sol. Ein kan gjerne plante ei anna plante framfor, eller legge steinheller framfor planta, slik at røtene ikkje tørkar inn.
  • I vekstsesongen kan ein gjødsle annakvar gong med beinmel og heilgjødning. Altså beinmel i april/mai, fullgjødning i juni, beinmel i juli osv.
Det finst mange ulike typar Klematis, frå dei heilt små staudeaktige, til store slyngplanter.

'Dr. Ruppel'

'Arabella'

'Pink Fanta'
Bilete frå plantasjen.no

Klematis vert delt inn i 3 grupper, etter stell:
  1. Klematis som blømer på greiner frå forrige sesong.
  2. Klematis som blømer på greiner frå forrige sesong og nye skot.
  3. Klematis som blømer kun på nye skot
No er det berre til å velge seg ein Klematis eller to!



I've bough a Clematis as a test. They have to be platned deep, about 1/2 m, and I'm not sure I'll be able to dig that deep in my shallow garden. The Clematis is a vine, and there are about 300 different types, from the smallest ones to big vines for your pergola. The Clematis likes sun, but the roots need shade, and should be covered by other plants or slabs, to keep the soil moist.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar