Sider

tirsdag 17. april 2012

Hagen

Vi har fått hage! JIPPI! Eg brukar mesteparten av min vakne tid til å tenkje på hagen, og planlegge kva eg skal gjere med han. Det er så kjekt! Eg anbefalar alle å ha hage. Sidan det har vore vinter og mørkt dei siste månadene, har vi på ein måte ikkje sett hagen før no. Eg har allereie funne ut at eg elskar å klippa buskar. Det er utruleg gøy. Heilt bokstaveleg, kven hadde trudd? Dei som hadde hagen før oss, har planta ein haug med buskar. Og dei er ikkje akkurat velfriserte, for å seie det slik. Så her trengst det klipping. Vi har nesten ruinert oss på hageutstyr, men ein må no ha desse tinga. Her er nokre av buskane:  

Det fine med buskar er at ein kan henge fuglematen der.

Under ein svær eføy fann vi eit bed. Her skal det bli blomer etter kvart!


Yndlingsbusken min er ein bambus. Når det bles, lagar han ein fin, susete sydenlyd.

Framfor terrassen var det nokre fæle buskar, som eg ikkje veit kva heiter, men som de fleste 70- og 80-talshagar har. Dei har vi fjerna med rota. Litt av eit arbeid! Vi skal gjere som naboen, og sette opp tversgåande spiler for å tette stupet ned under terrassen. Så skal det kome roser og kjøkkenhage her. Eg gler meg!



I april er det mest grovarbeid, men når mai kjem, kan ein byrje å plante meir ut. I alle fall etter 17. mai, då skal vel frosten garantert vere vekke... Då eg var ute i går byrja det å hagle og snø. Eg kan nesten ikkje vente til det ikkje er fare for det lengre!


English:
YEY, we've got ourselves a garden! It's very bushy and not very well kept, but I can't wait til it gets warmer and more fit weather for flowers. I'm planning on roses and a little garden with vegetables and herbs. In april it's mostly digging and cutting shrubs, and yesterday it even started to snow. So it's obvious I have to wait a bit before I start to even consider the roses...


Ina Christine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar