Sider

tirsdag 21. august 2012

Kornell

Den planta som er lettast gjenkjenneleg i hagen vår er ein busk med til dels raude greinar. Det har vist seg å vera ein kornell, eg trur det er ein Cornus Alba, men veit ikkje kva type. "Elegantissima" kanskje? Vår kornell er sikkert 30 år gamal, og har fått vekse vilt rimeleg lenge. Planta skal skjærast ned kvart 2. til 3. år for å få nye skot, som blir raude. Dersom busken får bli gamal, som vår, blir han grøn/brun, og ikkje raud. Altså kan eg klippa ned med godt samvet. Jippi! Men akkurat då eg var midt i klippe-ed-alt-mogleg perioda, så fekk eg høyre av naboen at denne kornellen er av den brokblada typen. Så då turte eg ikkje klippe noko, for eg måtte jo sjå korleis han såg ut først.

Her er knoppane 19. mai i år. Grøne, med lyst rosa blomeknoppar i midten:



Allereie 30. mai hadde alt sprunge ut,og blada er grøne med kvit kant. Nydeleg saman med azaleaen med dei raude blomene!



Kornellen har kvite blomer i korger, som blir raude når dei er visne, nesten svarte, før dei fell av. Dekorativt! Eg er glad for at eg ikkje klipte kornellen, for no har eg sett korleis han ser ut om somaren. Eg trur vi må ta litt i toppen, men ikkje for mykje. 


Høgd/breidde etter 10 år: 3 m / 3 m.
Lysforhold: Tålar skugge, men får best farge i full sol.
Herdighet: H7.
Jordforhold: Trivs best i innlandsklima i næringsrik og kalkhaldig jord.
Pleie: Klippast ned kvart 2. eller 3. år, for å få ei lav, kompakt og fin plante.



We have an easily recognizable shrub in our garden. It has red stems, and is a cornus. I wanted to cut it smaller, but that was until my neighbour told med that it is a beautiuful tree in the summer, with green/white variegated leaves. So I waited patiently. And it is beautiful indeed! I believe it is a cornus alba "elegantissima". The first picture are from may 19th, and the two last pictures are from may 30th. The leaves are beautiful together with the red flowers of the azalea that grows almost inside the cornell. Since it has not been cut for years, the stems are now more brownish. It should be cut every year to make new red shoots. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar