Sider

mandag 26. november 2012

Adventskalender

Tida er inne for adventskalender. Eg er lei av alle desse små leikane som sleng alle plassar. Sjokolade kvar dag er langt å foretrekke! Men så skal ein ikkje gje sjokolade kvar dag, då. Kva skal ein stakkar då finne på?

Her er forslag til 10 ulike kalendere ein kan lage:

  1. Føljetongkalender. Kjøpe f. eks. lego, dele opp i 24 poser, og la småttiken bygge litt etter litt. 11-åringar er ikkje så opptatt av lego. Då skulle det heller vore Justin Bieber bak luke nr 24. 
  2. Nisseskjegg. For dei minste som vert glade for alt: bygge skjegget til nissen, som her. For ein 11-åring vil dette vere særs uinteressant. 
  3. Skattejaktkalender. For dei som har god tid: legg 24 lappar i kalenderen, på lappen står det kvar ungane skal leite etter adventsgåva. Dette kjem garantert ikkje til å hende heime hos meg. Vi har ikkje tid om morgenen til å leite etter sokkar ein gong. 
  4. Intellektuell kalender. Alle i familien kan lage spørsmål, og så vert dei putta i kalenderen. Spørsmåla vert lesen opp av den som laga dei, og resten av familien skal prøve å svare. Fin familieaktivitet rundt frukostbordet, for dei som et frukost samla. Det gjer ikkje vi. 
  5. Aktivitetskalender. Kvar dag gjev ein lapp der det står ein aktivitet. Fin tanke, men eg innser at dette kjem eg aldri til å klare å følge opp. Frivillig fallittærklæring her altså. 
  6. Småplukk-kalender. Småttiken får små (ubrukelege) ting, kvar dag. 
  7. Pepperkakekalender. Pepperkaker med tal frå 1 til 24. 
  8. Julekrybbekalender. Kvar dag får ein ein figur, til slutt har ein heile julekrybba. Her kan ein slå seg laus. Kven seier at det ikkje var elefanter ved krybba? Og at ikkje Maria og Josef likna svært på Barbie og Ken?
  9. Til mannen: Ein kasse med øl, ein til kvar dag. (Denne kan duge for kvinner også.)
  10. Omvendt adventskalender: Gje i stedet for å få. Er det ikkje det jula handler om? Finn eit prosjekt du vil støtte, og gje i veg!
Så langt har eg landa på ein blanding av den klassisk småplukk-kalenderen, og aktivitetskalenderen. Så får vi sjå om det held ei veke til. Så langt har eg kjøpt eit refleksdyr til støtte for Blå Kors. Den skal henge på sekken.

På skulen har dei omvendt adventskalender i år. Dei skal jobbe og tene pengar, som går til Redd Barna. Det er flott!


Santa Advent Calendar


It's time for the yearly advent calendar. I'm so sick of all the small toys lying around everywhere. I much prefer chocolate in stead, but you're not supposed to give kids chocolate every day. So what's a poor soul to do?

Here are 10 alternatives for an advent calendar:

  1. Serial calendar. For example you buy Lego, and divide it into 24 gifts, so that the small one can build a little every day. Boys aged 11 are not so interested i Lego. He'd rather find Justin Bieber in gift nr 24. 
  2. Santas beard. For the smallest kids who are easy to please, you build Santas beard like this. For an 11-year old this is not so interesting. 
  3. Treasure hunt calendar. Every day has a note to where the kids should look for their gift. This is NOT going to happen in my house, we don't even have enough time in the morning to look for socks. 
  4. Intellectual calendar. Family members make list of questions. The one whose questions are picked, reads them out loud, and the other family members try to answer. This is good family bonding over breakfast, for those who eat breakfast together. We don't. 
  5. Activity calendar. Every day there's an activity. I can allready admit it. I would not have been able to follow this up.
  6. Small things calendar. The little one gets small (useless) gifts every day. 
  7. Gingerbread man calendar. Every day the kids get a gingerbread man with the numbers 1-24 written on it. 
  8. Nativity calendar. Every day reveals another figurine for the nativity. You can revel here. Who says there was never an elephant present, or that Mary and Joseph didn't resemble Barbie and Ken?
  9. For the man: a case of 24 beer. (This could work for women as well.)
  10. Reverse advent calendar. In stead of getting something, you give something every day. Find a just cause, and give away! Isn't giving what Christmas is all about, anyway?
So far I've landed on a mix of the traditional small things calendar, and an activity calendar. We'll see what happens. So far I've only bought an animal-reflex to put on his school bag. It's bought in support of the Blue Cross

In school they've gone for the reverse calendar. The kids are to work at home, and the money they earn will go to the Norwegian foundation Redd Barna (Save the Children). It's really great!

søndag 25. november 2012

Nye teppe

Eg har fokusert på å gjere ferdig halve prosjekt i det siste. Blant anna to babyteppe. Storleiken er 60x80 cm. Og sjølvsagt med Cicely Mary Barker sine nydelege Flower Fairies. Dette er Rosefeane og Hagtornfeen. 





I've focused on finishing half projects recently. Amongst others are two baby blankets. The size is 60x80 cm. And of course with Cicely Mary Barkers beautiful Flower Fairies. These are the Rose Fairies and the Hawthorn Fairy. 


lørdag 24. november 2012

Alternativ adventsstake for dei med liten plass

Eg har laga ein alternativ adventsstake til å ha på kjøkkenbordet. 
Bordet er lite, så dette er eit eksepsjonelt godt alternativ til dei med liten plass. 
Eg har sett 4 kertelys i ein liten skål. Så fylte eg ris oppi, for at dei skal stå støtt. Ein kan bruke sukker eller salt eller kva som helst. 
Eg har pynta med kanel og nellik. Det luktar utruleg godt! 
Og kva er vel advent utan ein isbjørn?






I've made an alternative advent candelabra for mye kitchen table. 
The table is small, så this is an exceptional good alternative for those with limited space. 
I put 4 small church candles in a bowl. I filled the bowl with rice to keep the candles steady. You can use sugar or salt or whatever. 
I also put cinnamon sticks and whole cloves in the bowl. It smells amazing! 
And what is advent without a polar bear?


<3

torsdag 22. november 2012

Advent

Adventsstaken er klar!
Eg kan ikkje heilt sjå om det er best med eller utan dyr... 

My advent candelabra is ready!
I can't really see if it's best with or without animals...


Ha ein flott føradventstid <3

Have a great pre-advent <3

mandag 19. november 2012

The New York Times chocolate chip cookies

Høst + evig regn = bake kake søte.
I dag vart det cookies, eller kjeks om du vil. 
The New York Times beste kjeks EVER! 
Fann oppskrifta her.  

For å gjere det enkelt: 
1 cup = 1,25 dl

300 g smør
270 g brunt sukker
200 g kvitt sukker
2 egg
530 g kveitemjøl
2 ts vaniljesukker/vaniljeessens
3 ts bakepulver
Sjokoladebitar etter behov

Visp smør og sukker kvitt og luftig. 
Tilsett egg. 
På lav styrke, visp i det tørre litt og litt. 
Sett kaldt til dagen etterpå, eller gjer som meg, legg i frysen 1/2 time og håp på det beste. 
Legg klatter på bakepapir, og steik i 10-12 minutter ved 175 grader celsius.

Nyt!




The New York Times chocolate chip cookies:

1 1/4 cups butter
1 1/4 cups brown sugar
1 cup + 2 tbs granulated sugar
2 eggs
3 2/3 cups all purpose flour
2 tsp vanilla extract
1 1/2 tsp baking powder
1 1/4 tsp baking soda
As much chocolate chips as you like

Cream butter and sugar. 
Add the eggs. 
On low speed, add the dry ingredients little by little.
Refridgerate for 1/2 hour, or do like me: freeze for 1/2 hour, and hope for the best.
Put spoonfuls of dough on baking sheet, and put in the oven for 10-12 minutes at 350 F. 

Enjoy!


torsdag 1. november 2012

Kveldskos

Når det er mørkt og kaldt, og det regnar, og ein har vore sjuk og ungar har gått for lut og kaldt vatn, då må ein bøte på skada ved å ha ekstra mykje kveldskos. Sjølvsagt hjalp det å ha liggande to overmodne bananar, eg skal ikkje legge skjul på det.



Bananbrød:

4 modne bananar - most
75 g smør - smelta
50 g sukker (gjerne brunt)
1 egg
1 ss vaniljesukker
1 ts bakepulver
1 klype salt
170 g kveitemjøl/glutenfritt lyst mjøl

Bland det våte, bland i det tørre. 
Ha i smurt brødform.
Steik ved 180 grader C i 1 time. 
Avkjøl. 
Et. 



Bananbrød og kakao med krem. Nam. 

Bananabread and hot cocoa with whipped cream. Yum. 




When it's dark and cold outside, when it rains, and one has been sick, and children have been neglected, then one is in need of mending the damage by making extra cozy evenings. Of course it helps to have two overripe bananas lying around, I'm not going to hide facts. 


Bananabread:

4 ripe bananas - mashed
1/3 cup butter
1/4 cup sugar (brown if you like)
1 egg
1 tbs vanillaextract
1 tsp baking soda
1 pinch of salt
1 1/2 cups flour (spelt or gluten free or whatever)

Mix the wet ingredients, then add the dry ones. Bake in greased breadpan, ovenheat 180 degrees C, for 1 hour.
Cool.
Eat.