På denne 3. søndagen i advent et vi middag før eg skal på arbeid. Difor tenkjer eg i dag på alle dei som ikkje får arbeid, og som difor ikkje har moglegheit til å sørge for seg eller sine. Denne søndagen støttar vi Kirkens Nødhjelp, som arbeider for å gje kvinner økonomisk sjølvstende. I den siste FN-rapporten over status for kvinner i verda, er det særleg to område der lovverka gjev dårleg skydd for kvinner: i privatlivet, og i økonomisk rett, som er retten til arbeid, arv og jord. For å kunne sørge for seg og sine er dette ein grunnleggande rett. Av fattige i verda er 70 % kvinner. Det er innlysande at det er viktig å gje kvinner hjelp til å klare seg sjølv. Dette vil gje kvinner auka likestilling i samfunnet. Kvar tredje kvinne er utsett for vald fordi ho er kvinne.
Eg ønsker deg ein god 3. søndag i advent, og håpar du gjer ein skilnad for nokon rundt deg.
On this Third Sunday of Advent we eat dinner before I'm off to work. This day I think of those who do not have the ability to support themselves or their loved ones. This sunday we support the Norwegian Church Aid, who help women get economical independent. The last UN-report concidering womens status in the world, have especially two concerns where the law is not protecting women: in private life, and in economic rights, that is the right to work, inherit and own land. This is a basic right for women to be able to be selfsupportive. Of all the poor people in the world, 70 % are women. It's clearly important to help women support themselves. This will also give them an increase in equal rights in society. Every third woman is treated violently beacause she is a woman.
I wish you all a happy Third Sunday of Advent, and hope you make a difference to someone around you.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar