Sider

torsdag 24. januar 2013

Heimelaga tortilla

I dag er tacodag. Eg hadde handla alt. Trudde eg. Det freista ikkje med ein runde til i butikken i denne kulda. Heldigvis hadde eg funne ei oppskrift på tortilla, eller tacolefser som det heiter her i huset. Det er fantastisk enkelt å lage, noko som fekk meg til å undre på kvifor vi i det heile har kjøpt tortillas. Men det har aldri falt meg inn å lage sjølv, eigentleg. 

10 tortillas til stor steikepanne:

7 dl kveitemjøl
5 ss olje
1/2 ts salt
2 dl skikkeleg varmt vatn frå springen

Bland kveitemjøl og olje, og kna olja jevnt i mjølet med ein gaffel. Bland salt i det varme vatnet. Ha det varme vatnet i mjølblandinga, og kna det umiddelbart med gaffelen til ein jamn deig. Du må gjerne kna litt med hendene til slutt. Deigen skal vere mjuk, men ikkje så mjuk som ein brøddeig. 

Eigentleg skal deigen kvile i 30 minutt under plast, noko som gjer han lettare å arbeide med. Eg hadde ikkje tid, og det gjekk relativt bra utan. 

Kjevle til 10 runde leivar, steik i tørr steikepanne på litt meir enn medium varme. Ikkje stik dei for lenge, då blir dei sprø! Dei skal umiddelbart blåse seg boblete, og bli flekkvis brune. Snu dei, og steik litt kortare tid på andre sida. 

Nyt!






Today is tacoday. I thought I'd remembered to buy everything. But I forgot tortillas. Another trip to the store in this freezing weather wasn't on my wishlist. Luckily I've found a recipe for home made tortillas, and it's really easy to make! It makes me wonder why I ever bought them at all. 

Recipe for 10 tortillas, pan size:

7 dl (2 3/4 cups) flour
5 tbs oil
3/4 tsp salt
2 dl (3/4 cups) hot tap water

Stir together the oil and flour. Stir really well with a fork, blending the oil evenly in the flour. Add the hot water, and immediately stir together with a fork. You may have to knead the dough a little with your hands. Let set for 1/2 hour, covered with plastic. This will make the dough easier to work with. Divide in 10, and roll flat. Bake in a pan. Don't overbake, they will become crisp! They will immidiately blow bubbles and turn spotty brown. Turn, and bake a little shorter on the other side. 

Enjoy!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar