Sider

lørdag 23. februar 2013

Cubansk hakkekjøt

Eg har høyrt mest alle bøkene til Cecilia Samartin på lydbok, mens eg kjøyrer den lange vegen til og frå arbeid. Boka Mofongo var så trist, så nydeleg! Då eg fann kokeboka Mofongo - mat for sjelen, måtte eg berre kjøpe ho! Cubansk hakkekjøt er ein av rettane frå boka. Nydeleg og enkel! I morgon kjem verdas beste farmor på middag. Eg skal tidleg på jobb, og laga difor middagen klar i dag. Denne retten er enkel og rask, og eignar seg godt å lage på førehand. 

Her er oppskrifta slik eg laga ho i dag:

Oppskrift (4 personar, ca)

600 g kjøtdeig (eg brukar karbonadedeig)
4 ss olivenolje
2 lauk
1-2 paprika
3 fedd kvitlauk
1 ts oregano
2 dl rosiner
1 glas oliven
2 laurbærblad
ca 500 g passata (tomater frå boks kan brukast)
1 boks /140 g tomatpuré
Ca 2 dl raudvin

Steik kjøtdeig. 
Steik lauk, paprika og kvitlauk i olja. Ha i kjøttdeig. Tilsett resten, La koke 10 minutt. Plukk ut laurbærblada før servering. 
Serverast med ris. 

Denne er utruleg god!




I've heard nearly all of Cecilia Samartins books on audiobook while traveling to and from work. The book Mofongo was sad and beautiful! When I found the cookbook Mofongo - Food for the Soul, I just had to buy it. Cuban Notch Meat is one of the dishes from the book. Lovely and easy! The worlds greatest grandma is coming for dinner tomorrow. I'm off to work early, so I finished tomorrows dinner today. This dish is easy, quickly made, and is suitable for making the day before serving. 

Here's the recipe as I made it today:

500 g ground beef
4 tbs olive oil
2 onions
1-2 sweet bell peppers
3 cloves of garlic
1 tsp dried oregano
2 dl raisins
1 jar of olives
2  bay leaves
500 g passata
1 small can/140 g tomato puree
2 dl red wine

Cook the grund beef. 
On medium heat, cook onions, bell peppers and garlic in the oil till soft. Add the ground beef. Add the rest of the ingredients. Cook for 10 minutes. remove bay leaves before serving. 
Serve with rice. 

Yum!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar