Sider

tirsdag 26. februar 2013

Spinat er god mat!

Som oftast forbinder ein gjerne spinat med Skipper'n, denne rare karen som får bolemusklar i underarmane av å ete spinat på boks. I den verkelege verda er spinat som små salatblad, runde og grøne. Og lette å dyrke sjølv, skal eg tru. Eg snubla over denne oppskrifta på Pinterest, og tru meg, det smaka SÅ mykje meir himmelsk enn eg NOKON gong kunne førestilt meg. 

Ei pose spinat
Kokande vatn
Isvatn

Ha spinaten 20-30 sekund i kokande vatn, og legg direkte over i isvatn. Klem ut vatnet, og ha i ei bolle. 

Dressing:
3 ss soyasaus
3 ts riseddik (eg brukte eplecidereddik)
3 ts sesamolje
4 ts sukker (gjerne brunt)
1/2 - 1 dl sesamfrø, rista i tørr panne

Bland dressinga. Hell dressinga over spinaten, og bland godt. 

Så nyyydeleg! Kan serverast til dømes med biff, det har vi prøvd, eller med kylling, som vi hadde i dag. 


Often we think of Popeye when someone mentions spinach. That weird man who gets oversized muscles in his forearms when he eats a can of spinach. In real life, spinach is like small leaves of lettuce, round and green. And easy to grow at home, I think. I found this recipe on Pinterest, and believe me, it tastes SO much more divine than I could EVER imagine.

I bag of spinach
Boiling, salted water
Ice water

Put the spinach in the boiling water, and boil for 20 seconds. Put directly in the ice water, and then squeeze out excess water. 

Dressing:
3 tbs soy sauce
2 tsp sesame oil
2 tsp rice vinegar
4 tsp sugar. 
1/1 - 1 dl sesame seeds, roasted in a dry pan.

Stir together the ingredients for the dressing, and mix with the spinach. 

So great! Serve for example with a steak, we tried it, or with chicken like we had today. 

1 kommentar: