Sider

mandag 7. mai 2012

Mynte

Eg har ein del sjølvvanningspotter at typen Eva Solo. Til min uendelege skuffing, så daua alle urtene eg så full av von stappa ned i dei. Det må seiast at dei fungerar utmerka på andre stoveplantar. Men så ein dag kjøpte mannen to mynte-planter, og dei trivst fantastisk godt i pottene sine! Dei veks og veks, og no drikk dei ei heil potte med vatn på to døgn. Ikkje verst.
Her er den eine, i all si prakt:


Det har kome blomer på ho.


No sit eg og nyt eit glas café latte. Mmm.


Men kva skal eg gjere med all denne mynta? Hmmm. Det første ein tenkjer på er mojito, men ein kan jo ikkje drikke det heile tida. Eg får snart frukostbesøk. Då tenkte eg å lage scones. Kva passar betre som tilbehør enn te? Og kvifor ikkje myntete? Det er enkelt å lage. Legg mynteblad i ein kopp eller eit glas. Hell på varmt vatn, og la det trekka nokre minutter. Så kan ein ha i honning eller sukker etter behov.


Ha ein fantastisk fin 7. mai, enten du har sol, regn , snø eller hagl.


English:
I have a number of self-watering pots for herbs. To my disappointment, they all die quickly. On the other side, my other livingroom-plants thrive in them. That was until my husband bought two mint-plants. They absolutely love these pots, and have grown rather large. Now they drink one pot of water every to days. So what do I use it for? The obvious to go for is Mojitos, but I can't drink that all day... This morning I'm having a friend over for breakfast. I plan to make scones, and what could be more perfect than mint-tea to have with them? It's relly easy to make. Put some mint-leaves or stems in a cup or a glass, and pour hot water over it. Let it set for a few minutes, and then drink with honey or sugar if you wish.

Have a wonderful 7th of may, whatever weather you'll be having (we've had snow here the last days).


Ina Christine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar