Sider

tirsdag 24. april 2012

Akvarellugler

Eg har fått maleanden over meg. Eg byrjer sakte å få dreisen på det. Her er nokre eksempel på kreativiteten dei siste dagane:

Byråkrat-ugle/bureaucrat owl:


Fysioterapeut-ugle/Physical therapist owl:

Ekvilibrium/Equilibrium:

Fotballdommer-ugle/Football judge owl:
(Denne har son min måla, sant han er flink!)
(My son paintes this, isn't he good?)

Familiefoto/Family photo:

Kongen på haugen/King of the Hill:

Familietre 1/Family tree 1:

Familietre 2/Family tree 2:

Konge-ugle/King owl:

Yo-ugle (evt bling-ugle)/Yo owl (or bling owl):

Pønke-ugle/Punk owl:

Kva tykkjer du? Eg er rimeleg nøgd med desse. Men du finn dei ikkje i butikken enno...


English:
I've been painting some water colour paintings, and these are the results of e few days explosive creativity. I feel I'm getting the hang of it now, slowly. What do you think?

mandag 23. april 2012

Innandørs marshmallowgrilling

I dag hadde vi familigruppe heime hos oss. Vi skulle vere ute og grille, men det regna. Då laga vi hot dog inne, og putta marshmallowsene i ovnen. Det gjekk heilt fint! Dei este opp og vart brune og fine på toppen. Men etter kort tid skrumpa dei saman igjen, slik som på biletet. Men dei smaka godt likevel.

Eg la marshmallows på aluminimumsfolie, og sette dei høgt i omnen under grill på 200 grader.
Voilà!



Dette var fruitmallows, difor ulike fargar. Snakkar meg om sukkersjokk! Etter hot dog, sjokoladekake, fruitmallows og ein annan båldessert; banan og sjokolade i aluminiumsfolie, var alle ungane - og eg - kvalme. Godt gjort!

Etter at ungane forsvann frå stova, kom katten fram og. Han er så redd for folk, dei bråkar sånn.


Men når ungane er borte, sover katten på spisestovestolane.

Ha ein fin ettermiddag!


English:
Today we had a familygroup. That's when a group of children from my sons class comes to our house. We were supposed to have a bonfire and grill sausages and marshmallows, but (of course) it rained. So we made hot dogs indoors. Also we grilled marshmallowes in the stove. They puffed up deliciously, but soon shrunk together, as in the pictures. They still tasted good. These were fruitmallows, hence the different colours. After having hot dogs, fruitmallows, chocolate cake, and another bonfire dessert; banana and chocolate in aluminum foil, all the children - and myself - felt sick. Once they all went out to play, the cat came out. He's afraid of people, they make to much noise. You know what they say: When the children are away, the cat sleeps on the diningroom chairs.

Have beautiful evening!


Ina Christine

søndag 22. april 2012

Rhododendron

Den første hageplanta eg har kjøpt er ein rhododendron. Ja, unnateke påskeliljer og perleblom (muscari) og stemorsblomer, då. Eg veit eg har sagt at eg ikkje likar buskar, men dei med blomer er stort sett fine (så lenge det ikkje er eit monster av ei slyngplante).


Det fine med rhododendron er at han er vintergrøn (unnateke azalea) og finst i mange ulike typar. Du finn rhododendron som  blir store, som forblir små, som blømer seint eller som blømer tidleg.


Rhododendron er skogbunnsplanter, dei tåler difor ofte skugge. Løvfellande rhododendron, Azalea, og lave rhododendrontypar, bør stå i sola. Rhododendron skal stå i sur jord, altså jord som ikkje er kalka. No er det slik at eg ikkje aner om hagen har sur eller basisk jord, nøytral eller kalkhaldig eller kva... Men det står ein rhododendron på framsida, og to på baksida. I alle fall den eine er ein azalea. Så eg håpar på det beste. Då desse plantane er gamle og mosegrodde, tenkjer eg at dei har tålt å stå der lenge.


Endå ein fin ting med rhododendron, er at han ikkje treng skjerast ned. Dersom han vert svært stor og glissen, kan han likvel skjærast ned til 20-30 cm høgde. Han vil då kome på nytt frå rota, og få fin ettervekst.


Rhododendron er giftig for menneske og husdyr.


Den største samlinga med rhododendron i Norden finn ein Det norske arboretet i Bergen. Eg trur eg må ta meg ein tur for å sjå i sommar. Her er nokre bilete frå nettsida deira:

Rh-fulgens-(1)Web.jpg
Blomstene til Rhododendron eclecteum er sårbar mot nattefrost. <br><a href=http://www.uib.no/imagearchive/Rh-eclecteum-var-eclecteum-0x2850x29Web.jpg >Vis orginal</a>
Rhododendron dauricum kan blomstre i mildt vær midt på vinteren.<br><a href=http://www.uib.no/imagearchive/Rh-dauricum-0x2840x29Web.jpg >Vis orginal</a>



English:
My first real garden investment is a rhododendron. The best thing about the rhododendron, is that they are green during winter, and there are so many different types. Because this plant is a forest floor plant, it likes shade. Azaleas, on the other hand, are not wintergreen. Both azaleas and smaller types of rhododendron need more sun. The rhododendron need acidic soil. I really have no idea wether my garden has acidic or alkaline soil, so I just have to hope for the best. Our garden has one rhododendron in front and two in the back (I think one of them is an azalea). Since they are old and covered with moss, I assume they've been here for a while. Another great thing about this plant, is that it doesn't require pruning. Keep in mind that it's poisonous for humans and livestock. The biggest collection of rhododendrons in the Nordic countries is here in Bergen, in The Norwegian Arboretum. That's where I found the beautiful pictures. I think I have to go for an inspiration-trip in the summer.



Ina Christine


  

torsdag 19. april 2012

Med blanke ark og fargestifter til

Eg blir nokre gonger så inspirert av andre at eg ikkje klarar å dy meg. Då hender det at eg til og med har giddis til å hekle. Eg hekla mykje før, men ikkje noko særleg dei siste åra. Flinke Kaptein Biffepla.no har nokre oppskrifter på bloggen sin, som er gratis. Ein kan hekla til seg sjølv, men ikkje til å selge. Hugs det! Så eg enda opp med denne fargestiften:




Som skal vera til ein liten kompis. Enkel å lage, og fin å sjå på. Og ikkje minst mjuk å halde i for små fingrer!

Dersom du vil lage ein sjølv, så kan du sjå her.

Gledeleg hekling!


English:
Sometimes I get so inspired by others, and I can't help myself. Suddenly I find myself crocheting. I used to crochet more often before, but not so often the last years. Fantastic Kaptein Biff on epla.no has put out several free patterns on her blog, and you'll find the pencil-pattern here. Remember it's only for peronal use, you can't sell the pencil (or pattern).

Happy crocheting!


Ina Christine

onsdag 18. april 2012

Klimasone

Når eg les om hage på internetten (og det gjer eg ein heil del), så blir det ofte snakka om klimasone. Då vart eg etter kvart svært så nyfiken på kva dette var, og i alle fall kva for klimasone min hage høyrer til. Min hage har klimasone 2, og det er nesten det beste. Dersom du vil lese om klimasoner, og finna klimasona til din hage, kan du sjå på klimasonekartet her.
Alt i alt så må eg skryte av BoGrønt sine nettsider, dei er fantastiske! Svært god hjelp for ein hagegrønnskolling som meg.

Ha ein fin onsdag, uavhengig av klimasone!


English:
While surfing the internet for information about gardening, I've come across a new expression; climate-zone. So I started to wonder what climate-zone my garden belongs to. It turns out it belongs to climate-zone 2, which is the next best zone!


Have a wonderful wednesday.


Ina Christine

tirsdag 17. april 2012

Hagen

Vi har fått hage! JIPPI! Eg brukar mesteparten av min vakne tid til å tenkje på hagen, og planlegge kva eg skal gjere med han. Det er så kjekt! Eg anbefalar alle å ha hage. Sidan det har vore vinter og mørkt dei siste månadene, har vi på ein måte ikkje sett hagen før no. Eg har allereie funne ut at eg elskar å klippa buskar. Det er utruleg gøy. Heilt bokstaveleg, kven hadde trudd? Dei som hadde hagen før oss, har planta ein haug med buskar. Og dei er ikkje akkurat velfriserte, for å seie det slik. Så her trengst det klipping. Vi har nesten ruinert oss på hageutstyr, men ein må no ha desse tinga. Her er nokre av buskane:  

Det fine med buskar er at ein kan henge fuglematen der.

Under ein svær eføy fann vi eit bed. Her skal det bli blomer etter kvart!


Yndlingsbusken min er ein bambus. Når det bles, lagar han ein fin, susete sydenlyd.

Framfor terrassen var det nokre fæle buskar, som eg ikkje veit kva heiter, men som de fleste 70- og 80-talshagar har. Dei har vi fjerna med rota. Litt av eit arbeid! Vi skal gjere som naboen, og sette opp tversgåande spiler for å tette stupet ned under terrassen. Så skal det kome roser og kjøkkenhage her. Eg gler meg!



I april er det mest grovarbeid, men når mai kjem, kan ein byrje å plante meir ut. I alle fall etter 17. mai, då skal vel frosten garantert vere vekke... Då eg var ute i går byrja det å hagle og snø. Eg kan nesten ikkje vente til det ikkje er fare for det lengre!


English:
YEY, we've got ourselves a garden! It's very bushy and not very well kept, but I can't wait til it gets warmer and more fit weather for flowers. I'm planning on roses and a little garden with vegetables and herbs. In april it's mostly digging and cutting shrubs, and yesterday it even started to snow. So it's obvious I have to wait a bit before I start to even consider the roses...


Ina Christine

mandag 16. april 2012

Jeg velger meg april...

Eg skal sei at tida flyg! No er vi allereie midt i april. Og eg har ikkje blogga på 3 månader. Eg kan skulde på så mykje, men sanninga er at det har vore travelt. Og i denne travle perioda i livet, har kreativiteten min knapt vore vakjen. Det einaste eg har klart å presse fram er eit telysglas, laga ev eit syltetyglas.


Og på ein shoppingrunde etter grisehaleskruer (ikkje sei griseøyreskruer, då berre ler mannfolk av deg) så fann eg ein veggtekst som eg berre måtte ha. Og ja, eg HAR lese at skrift og bokstavar er UT, passé, SO 2011, men likevel, eg MÅTTE berre.


Det straffa seg då eg skulle få det på veggen. Det var ikkje blomefylde, vaniljeduftande ord som kom ut då, om du skjønar. Nokre av bokstavane er litt skakke, men med tanke på svette og tårar, og kanskje litt blod, så er eg nøgd likevel.

Vi fekk fint ver på ein laurdag i april. Det var fantastisk. No har vi hage (jippi), og nye hagemøbel. Vi inviterte farmor på besøk. Ho ville gjerne koma, og ho stråla om kapp med sola. Farmor er 90, men ser ut som ei Hollywoodstjerne. Ho passa perfekt inni hagen og dei nye hagemøbla.


Ei anna kreativ side i denne travle perioda, har vore matlagingssida. Som plaster på såret for deg som standhaftig har sjekka bloggen min, får du no oppskrifta på garantert vellukka crème brûlée:

3 eggeplommer
3 spiseskjeier med sukker
3 dl kremfløyte
1 vaniljestong

Kok sakte opp fløyte og frø frå vaniljestonga. I mellomtida piskar du sukker og eggeplommer til det vert nesten eggedosis. Ha den varme (men ikkje kokande) fløyteblandinga i eggedosisen i ei tynn stråle, medan du piskar godt. Hell blandinga i 4 eldfaste porsjonsformar. Steik i ovnen ved 175 grader i max 30 minutt. Formene skal stå i djup longpanne, med vatn i (såkalla vatnbad).

Vaniljefrø får du ved å splitte stonga og skrape dei ut. Fløyteblandinga må ikkje koke, for då koagulerar proteinet i egget, og desserten vil smake egg (den skal smake himmelsk, ikkje egg). Vatnbadet er for at desserten skal steike jamnare. Eg kokar opp vatn i vatnkokaren, og heller det i longpanna. Merk: Varmluft har ingenting her å gjere.
Til slutt skal det vere karamellisert sukker på toppen. Strø ein teskje sukker på toppen av kvar dessert. Dette kan du ordne ved å setja formene høgt i ovnen under grill, medan du ser på dei heile tida. Eller du kan bruke crème brûlée-brennar. Eller skibrennar? Ikkje veit eg. I all fall, det vert lett brent sukker i staden for karamellisert sukker. Så pass på.

Jordbær er godt tilbehør.


Når du har laga dette, sit du att med 3 eggekvitar. Dei kan ein jo ikkje kaste! Eg har eit tips: Marengs. Nam!


Du gjer slik:
Pisk eggekvitane stive. Ha i pittelitt salt, 1 teskje balsamicoeddik, 1 dl sukker og 1 teskje bakepulver. Pisk til det vert ein tjukk og blank masse. Ha i klattar på bakepapir.

Eg laga små, ca 1 teskje per klatt. Steik ved 100 grader i 1 time.

Desse vert mjuke i midten. Ikkje ekte pikekyss, kanskje, men eg lovar, det vil følast som pikekyss (eller gutekyss dersom du føretrekkjer det). Lenge. Eller som husbonden sa: det smakar ferdig smelta marshmallows. Eg blanda hakka pistasjenøttar i halvparten. Nam. Eg berre seier det.


Når alt dette er sagt, så har eg laga to søte små kjolar til to søte små jenter. Men eg gløymde å ta bilete av dei.

Eg ynskjer deg ein strålande flott vidare april.


English:
Time really flies, and I haven't been blogging for 3 months! I've been really busy, and the only creative thing I have managed to squeeze out is a lantern for tealights I made from a jam-jar. Also I put a wall-sticker up, even though I read that it's SO passé... It was too beautiful to care, but a monster to work with. 
We had sun on an april-saturday, so we invited my grandmother for coffee. We had crème brûlée and strawberries, and meringues I made out of the spare eggwhites. YUM. My grandmother is 90 years old, but she still looks like a moviestar.
I made two dresses for two little girls, but forgot to take a picture of them.


Have a wonderful rest of april!


Ina Christine