Rhododendron nummer 3 er ein Cunninghams White, som har lyse rosakvite blomer i mai. Blomene har gule prikkar. Blada er store, robuste og dekorative. Planta er vintergrøn. Han vert 1,5 meter høg etter 10 år. Han veks opprett og er tett. Cunninghams White er vurdert til å vere ein av dei beste halvhøge rhododendronane, og han er robust. Vinterherdighet til sone H7. Han egnar seg til hekk og dekkvekst. Han tolert mykje vegstøv og forureining. Han likar sol, men toler noko skugge. Planta vart marknadsført allereie i 1830.
Eg har planta min som ein grenseskapar mot utmarka.
Cunninghams White har nydelege lyserosa blomer, og denne har gule prikkar på nokre blomer, og mørkare rosa prikkar på andre. Han trivs godt, og har allereie dobla seg i storleik!
Det fine med rhododendron er at sniglane ikkje et den. Men dei et blomane på bakken, så det er lurt å plukke dei vekk når dei fell ned.
Rhododendron number three is a "Cunninghams White". It's wintergreen, and will reach about 1,5 meters in size. It is said to be one of the best medium sized rhododendrons, and has high toleration for pollution. Here it is planted by the highway. It's hardy, and likes sun, but tolerates some shade. It is a good covershrub. Cunninghams white thrives in my garden, and has allready doubled in size since spring! Another good thing about rhododendron is that snails don't eat them. Snails are a big problem in western Norway, ever since we got the Iberia snail from Spain. They eat everything! But not rhododendron, so it's safe! They do, however, eat the flowers when they fall onto the ground, so it's best to remove them.