Sider

mandag 31. desember 2012

Julebukker

No kan de berre kome, julebukkar! Diverre for ølbukkar, så har vi ikkje øl. Men vi har snopeposar til dei som syng for oss. 

Tradisjonen med julebukk har si opprinning i den Skandinaviske og Nord-Europeiske tradisjonen med å slakte ein nyttårsbukk, for å sikre fruktbarhet i det nye året, og markere slutten på arbeidsåret som hadde vore. Nokre knytter dette til norrøn mytologi, og slaktinga av Tor sine bukkar. Her hos oss går alle ungane julebukk på nyttårsaften. 

Snopeposane står klare!






In Norway we have a tradition called going "julebukk", translated directly it means "Christmas buck". The tradition has origins in a Scandinavian and Northern European tradition of the goat as a symbol of  fertility. A goat was slaughtered to ensure fertile soil and mark the en of the working year. The tradition have by some been traced back to the old northern mythology, and the repeated slaughtering of the goats of the god Thor. Later it referred to a person who goes the "Christmas buck", walking from house to house in a small group where everyone is disguised. They sang and danced, and originaly received beer and food. Now only children go Christmas buck, singing Christmas carols, and receiving candy. Some places they walk Christmas buck one of the days between Christmas Eve and New Years Eve. Other places, like here, it's always on New Years Eve. 

We are ready for them!

Godt nyttår! / Happy New Year!

2012 er snart over. Eg ønsker dykk alt godt i det nye året. 

Ein engel, små blomer og lys 
er her for å vise deg veg 
Dei er det evige teikn på
at lukka vil vare for deg

Vi sjåast i 2013!



2012, is soon over. I wish you all the best in the new year. 

An angel, white flowers and lights 
are here to guide you the way
They are the eternal sign of 
happiness coming to stay

See you in 2013!




søndag 30. desember 2012

Teglstein

Min mann og eg har lagt vår elsk på teglstein. Raud mur, altså. Det er fint! Eg kunne tenkt med ein murvegg på kjøkkenet. Som dette:

My husband and I have a thing for brick walls. So pretty! I'd like one in the kitchen, like this:

Brick wall.
Bilete frå Pinterest

Bilete frå Pinterest
Bilete frå Kitchen Clarity
Bilete frå The Marion House Book
Elsker golvet og!

Love the floor too!




lørdag 29. desember 2012

Kvitvinsgløgg

Eg har lenge hatt lyst til å prøve kvitvinsgløgg. Og no er tida inne!Eg fann ei oppskrift på msn bolig. Det rekk til 8-10 glas, så du kan dele med vener.

2,5 dl vatn
1 dl sukker
1 ts heil nellikspiker
2 heile stjerneanis
2 kanelstenger
2 strimlar appelsinskal
2 strimlar sitronskal
1 flaske kvitvin

 
Kok vatn, sukker og krydder i 10-15 minutt. La det trekkje i 30 minutt. Hell på kvitvin, og varm til 65 grader. Ikkje varmare, så fordampar alkoholen. Dersom du ikkje likar det for tørt, ville eg halvert sukkermengda.

NB! Eg hadde ikkje appelsin eller sitron, men brukte 1 ts 
pommeransskall. Funka fint!

Nyt!


 

Foto: msnbolig.no/Christian Brun

"Gløgg" is a Norwegian Winter/Christmas drink made from wine, sugar and spices. It's usually made from red wine, but for a long time I've been wanting to make one from white wine. It can be compared to mulled wine or glühwein. Here's the recipe, for 8-10 persons:

2,5 dl water
1 dl sugar
1 tsp whole cloves
2 star anises
2 cinamon sticks
2 strips of orange peel
2 strips of lemon peel
1 bottle (70 cl) of white wine

Boil water, sugar and spices for 10-15 minutes. Leave it to extract for 30 minutes. Pour in the wine, and heat to 65 degrees celsius. Be careful not to overheat, or the alcohol will evaporate.

Enjoy!


onsdag 26. desember 2012

Ingen jul utan

Betre seint enn aldri?
Blir ikkje jul utan!


Better late than never?
Can't have Christmas without!

Love!

Kokkelimonke

Har du spelt Kokkelimonke? Ein skal forklare ord og uttrykk etter beste evne, og få dei andre til å tru på deg. Det er altså eit spel for dei med god fantasi. Her er eit eksempel frå i dag:
 
Oppgåve:
Sjukdom/fobi: Kva er knuterosen?
 
Svar:
Forslag 1: Knute på tarmene
Forslag 2: Sjukdom som går over, og som ikkje har årsak.
Forslag 3: Sjukdom som gjer at ein får knute på tissen.
 
Gjett om deg lo!?! God gammaldags latterkrampe.
 
Prøv sjøl. Kjempegøy!
 
 
Have you played Balderdash (Norwegian: Kokkelimonke)? It's a game where you are to explain words as best you can, and make others believe you. It's a game for those with a vivid imagination. Here's an example from earlier today:
 
Question:
What is Erythema nodosum (in Norwegian: knuterosen, meaning "knot erythema")?
 
Answers:
Suggestion 1: Knots on your entestines.
Suggestion 2: Condition that ends and doesn't have a cause.
Suggestion 3: Disease that makes you get a knot on your penis.
 
Did I laugh? So hard I cried.
 
Try it, it's real fun!

Babyteppe nr 4 og 5

Desse babyteppa havna under treet denne jula. 
 
These two baby blankets were under the Christmas tree this year. 
 



 
Og to lukkelege gutar kan bruke dei heile 2013. Og litt til.
 
And two happy little boys can use them all through 2013. And then some.

tirsdag 25. desember 2012

Lue og sko til baby

Endeleg fekk eg anda over meg til å sy babysko og ei hjelmlue. Desse er til ein heilt spesiell liten helt, difor er dei merka med bokstaven -A- for August.

I finally got the spirit to make babyshoes and a babyhat. These are for a special little hero, therefore they are marked with the letter -A-, for August, his name. 


Med tillatelse frå den stolte mora.
With permission from his proud mother

Dei er laga av mørk grå ull. I skorne er det sålefór av bomull, lua har flannelfór. Dei er pynta med søm i babyblå. 
Og dei passa perfekt!

They're made of carcoal wool fabric. The shoes have cotton lining on the inside of the soles, and the hat has flannel lining. They're embellished with seems in baby blue. 
And they were a perfect fit!

mandag 24. desember 2012

God jul!

Eg vil ønske alle ein god jul! 
Håper de får ei fin tid. 
Vi vakna til snøstorm i dag. 
Perfekt julevér.




I want to wish all of you a 
merry Christmas! 
I hope you have a great time.
We woke up to a snow blizzard today. 
Perfect Christmas weather!

søndag 23. desember 2012

4. søndag i advent

Tenk, det er allereie 4. søndag i advent! Og i tillegg lille julaften. Heldigvis er alle julegåvene i boks, og alt er klart. Eg skal jobbe på julaften, og gler meg til å komme heim for å ete julemiddag og kose meg saman med mannen min. Denne jula er knotten hos far sin, og eg unner dei ein koseleg julekveld saman. Julaften utan born er for mange ein mangelfull måte å feire på. For dei fleste handlar jula om Jesu fødsel, og dei vanskelege omstenda han vart fødd under. På 4. søndag i advent går tankane til alle borna i verda som ikkje lever opp til å fylle 5 år. Vi støttar Plan, og deira arbeid for å hjelpe born med å overleve dei 5 første åra. Give me 5 er eit flott prosjekt. Enkelte stader i verda døyr kvart åttande born før det fyller 5 år. Tenk på det! For oss er det ei tragedie dersom eit born døyr. For andre er det kvardag. 

Gledeleg fjerde søndag i advent til deg!


Oh my, It's already the Fourth Sunday of Advent! And for us in Norway, it's the day before Christmas. Luckily all the Christmas gifts are ready. I'll be working on Christmas Eve, and I'm really looking forward to coming home to my husband for Christmas dinner. This Christmas, my son is celebrating with his father. I hope they have a wonderful Christmas Eve together. For many it feels like half a Christmas Eve to celebrate without children. For many, Christmas is about the birth of Jesus, and the difficult circumstances around his birth. On this Fourth Sunday of Advent, I think of all the children who don't live to see their fifth birthday. We support Plans work to help children survive their first 5 years. Give Me 5 is a great project. Som places in the world, one of 8 children die before the age of five. Think about that! For us, it's a tragedy every time a child dies. For others, it's their every day living. 

Happy Fourth Sunday of Advent to you!

fredag 21. desember 2012

Heimelaga seigmenn

Vi har hatt juleverkstad. Blant anna laga vi seigemenn. Eg fann oppskrifta her. Eit tips: IKKJE bruk gelatinpulver, det funka svært lite. Bruk gelatinark, som i oppskrifta. Dersom du vil lage frå botnen, kan du sjå her.

Eit tips er å kvelve den på bakepapir med sukker på. Mykje sukker! For dette er klissete saker. 

Vi valgte å kutte geléen i bitar, så fekk vi brukt heile. 
Nam nam!



We made a Norwegian candy called seigemenn, or jellymen. I found the recipe here

It's really sticky, so we had to roll it in  a lot of sugar. 
Tastes like strawberry. Yum!


tirsdag 18. desember 2012

Stelleunderlag

Eg har som sagt brukt tida mi på uferdige prosjekt. I denne omgang har eg laga to stelleunderlag. Dersom eg skulle teke timebetalt hadde dei nok kosta opp i 5-sifra antall kroner. Men no er dei endeleg ferdige! Jippi!

As previously told, I have been using my time lately to finish a lot of projects. This time it includes two care surface blankets. If I was to charge per hour, they would have cost thousands of Norwgian kroner. But now I've finnaly finished them! YEY!

Det eine er vattert med bomullsstoff på baksida, og flanell på framsida, som er mjukt og godt for babyen.

One is quilted, with cotton fabric on the back, and soft flannel in front.  


Det andre har bomull på framsida, og vasstett stoff på baksida. Dette er tynnare. 

The other one has cotton in front, and a waterproof back. 



søndag 16. desember 2012

3. søndag i advent

På denne 3. søndagen i advent et vi middag før eg skal på arbeid. Difor tenkjer eg i dag på alle dei som ikkje får arbeid, og som difor ikkje har moglegheit til å sørge for seg eller sine. Denne søndagen støttar vi Kirkens Nødhjelp, som arbeider for å gje kvinner økonomisk sjølvstende. I den siste FN-rapporten over status for kvinner i verda, er det særleg to område der lovverka gjev dårleg skydd for kvinner: i privatlivet, og i økonomisk rett, som er retten til arbeid, arv og jord. For å kunne sørge for seg og sine er dette ein grunnleggande rett. Av fattige i verda er 70 % kvinner. Det er innlysande at det er viktig å gje kvinner hjelp til å klare seg sjølv. Dette vil gje kvinner auka likestilling i samfunnet. Kvar tredje kvinne er utsett for vald fordi ho er kvinne.  

Eg ønsker deg ein god 3. søndag i advent, og håpar du gjer ein skilnad for nokon rundt deg. 

Likestilling og kvinners rettigheter

On this Third Sunday of Advent we eat dinner before I'm off to work. This day I think of those who do not have the ability to support themselves or their loved ones. This sunday we support the Norwegian Church Aid, who help women get economical independent. The last UN-report concidering womens status in the world, have especially two concerns where the law is not protecting women: in private life, and in economic rights, that is the right to work, inherit and own land. This is a basic right for women to be able to be selfsupportive. Of all the poor people in the world, 70 % are women. It's clearly important to help women support themselves. This will also give them an increase in equal rights in society. Every third woman is treated violently beacause she is a woman. 

I wish you all a happy Third Sunday of Advent, and hope you make a difference to someone around you. 

søndag 9. desember 2012

2. søndag i advent

I dag tenner vi det 2. lyset, og tenker på kor godt vi har det. God mat, julekakene kjem ein etter ein i boks, og vi har kvarandre å dele dei med. Og det er snø! Fuglane et på juleneket, det må vere første gong eg har sett at det skjer!

I går hadde vi vår årlege tradisjon med søskenførjulstreff. Det var kjekt! Vi åt graut med mandel i, bakte pepperkaker, kakemenn og tyske skiver, åt taco om kvelden, og spelte spel. Super gjeng og super kveld. Anbefalast verkeleg! 
Difor vel vi på denne andre søndagen i advent å gje vår støtte til Kirkens Bymisjon, ved å gje julemiddag til dei som er i rus- og gatemiljøet.


På bileta ser du julegata mi. 

Eg ønsker alle ein fredeleg andre søndag i advent.


Today we light the 2nd candle, and I think of how good life is for us. We've got food, the Christmas cookies are one by one being put in a box, and we can share this with each other. It's even snowing! Yesterday we had our yearly traditional sibling-pre-Christmas-meeting. We had traditional rice porridge with an almond, and a gift for the one who found te almond in the porridge. We made traditional Christmas cookies; pepper cookies and cookie-men. We had taco in the evening (not so traditional), and we played games. Great fun with a great gang. I recommend it!
That's why on this second Sunday of Advent, we choose to give our support to Kirkens Bymisjon (the Church City Mission), by giving Christmas dinners to those who are living ithe streets.

On the picture, you see my Christmas street. 

Happy 2nd sunday of advent to all!

søndag 2. desember 2012

1. søndag i advent

På denne første søndag i advent tenkjer eg på alle dei som gruer seg til jul. Dei som ikkje har familie eller andre rundt seg til å feire med. Dei som har nokon rundt seg, men som gruer seg fordi dei drikk for mykje, eller kranglar eller gjer andre ting som ein veit kjem. Dei som ikkje har nok pengar til å gje ungane sine den jula dei ønskjer for dei. 
Då kan du hjelpe! Du kan kanskje besøke nokon du veit er einsam, eller støtte arbeidet som andre gjer. 
Denne jula støttar vi Blå Kors. Du kan lese meir her

Eg ønskjer alle ein fin første søndag i advent! 

Gi et utsatt barn en fredlig julefest (e-postkort)

On this First Sunady of Advent, my thoughts go to those who do not look forward to Christmas. Those who are whithout family or others to celebrate with. Those who dread this time of year, because each year those around them drink to much, or fight, or do other things they know are inevitable. Those who do not have enough money to give their children the Christmas they wish for them. 
You can help! By visiting someone you know are lonely, or supporting the work done by others. 
This Christmas we support the Blue Cross

I wish a happy First Sunday of Advent to everyone.