Sider

mandag 16. juni 2014

Marikåpeinvasjon


Sidan er ikkje hugsa å klippe ned marikåpeblomene i fjor, har dei teke over heile bedet. Ca 100 avleggare i tillegg til at han har diktatorrolle i bedet. Eg måtte klippe litt i bakkant for å gje sola ein sjans til å skine på rosen og klematisen.

I forgot to cut down all the flowers on my Lady's mantle last year, and now it's invaded my bed. About 100 offshoots in addition to adopting a dictator-role. I had to trim the flowers in the back, allowing the sun to shine on the rose and chlematis.


La Alchémille a envahi mon lit, et j'ai dû couper les fleurs dans le dos pour permettre au soleil de briller sur ma rose et chlematis.



Det blei ein ganske stor bukett, dei står i ein 3-liters kanne. 

I got a pretty big bouquet, standing in a 3 litre pot. 

J'ai eu un assez grand bouquet, debout dans un pot de 3 litres.

mandag 5. mai 2014

Bergblomst

Eg hadde så lyst på ein bergblomst (Bergenia), så eg planta ein under bambusen, Det er den kaldaste og mørkaste stad i hagen, så eg var spent på om han ville klare seg.
I really really wanted an Elephant's ear (Bergenia), so I planted one under the bamboo. It's the coldest and darkest spot in my garden, so I was anxious wether it would make it over winter.

Her er bilete frå i fjor, då han vart planta:
Here's a Picture from last year, when it was planted:

 


Og her er frå i april år:
And this is from April this year:



Det gjekk bra!
It made it!

søndag 27. april 2014

Namnefest

Vi har hatt namnefest for lille nurket. Sjølvsagt slo eg meg laus og laga babysko-bordkort og bretta hjerteservietter. Det blei slik:
We have clebrated my daughters birth, and I made baby shoe seating cards and folded the napkins into hearts.




Det enkle er ofte det beste, synes eg.
Simple is better.

LOVE

lørdag 26. april 2014

April - det blomstrar i hagen!

Det er april, og det knallfine veret har gjort at det har eksplodert med blomstrar i hagen:
It's april, and the beautiful, warm weather has created an explosion of flowers in the garden:
  

Eit sikkert vårteikn; engkarse (Cardamine pratensis).
A solid proof of spring; cuckoo flower (or lady's smock).
Spireahekken er vakker når den blomstrar.
Our Spirea hedge is beautiful when in bloom.
 
Forglemmegei.
Forget-me-not.

Eg sådde frø for lenge sidan, og i år er bedet plutseleg fullt!
I sowed seeds a long time ago, and now the bed is full of flowers!
Keisertulipanen har kome opp kvart år.
The Emperor tulip blooms every year.

Keisertulipan med alpeklematis i bakgrunnen.
Emperor tulip with Chlematis Alpina in the background.
Keisertulipan med forglemmegei i bakgrunnen.
Emperor tulips and forget-me-not.
Keisertulipan.
Emperor tulip.
 
Den store flotte bambusen var her då vi flytta inn.
The big and beautiful bamboo was allready here when we moved in.

Klatrerose og klematis veks for klematis veks for kvar dag.
The climbing rose and chlematis grow day by day.
Småhjerte (Dicentra Formosa).
Western Bleeding heart.
 
Peonane veks frem nesten inni hagemarikåpen (Alchemilla mollis).
The ponies are growing almost inside the Lady's Mantle.

Min vakre ugle.
My precious owl.

Hjertebergblomsten (Bergenia cordifolia) har klart seg under bambusen gjennom vinteren.
The Elephant's ears has made it through the winter.

Kaprifolen som klatrer på bua vår har mange nye skot, og blir nok stor og flott i år.
The Honeysuckle will grow big and beautiful this year.
Dvergsyrinen (Palibin) kjem trofast år etter år, og krever lite.
The Lilac is faithfully blooming every year, and doesn't demand much.
Dei særdeles gode hagestøvlane mine - rosa!
My very comfy garden wellies - pink!
 
Eit anna sikkert vårteikn; kuleprimula.
Another safe sign of spring; Drumstick primula.
 
 
Ha ein fin april!
Have a wonderful April!

onsdag 15. januar 2014

Lenge sidan sist

No er det lenge sidan sist eg blogga, og dette er grunnen:

It's been a while since my last post, and this is the reason:

Vårt vakre tilskot til familien.
Our beautiful baby girl.


Tida strekk ikkje til, rett og slett. Men ønsket er der. Huset står på hovudet (som vanleg), og eg må berre vere tålmodig. Prosjekt barnerom er starta, sjølv om eg innser at det kjem til å ta tid å bli ferdig. For tida er eg glad dersom eg får ete frukost. Det er ei av dei mange gledene ved å vere mor, hehe.

Though I want to blog, time slips between my fingers. The house is a mess (as usual), and I need to be patient. Project nursery has started, and I have to realize that it'll take a lot of time to get there. For the time being, I'm happy if I manage to eat breakfast. One of the many joys of motherhood, hahah.


Godt nyttår alle saman!

Happy new year everybody!

mandag 14. oktober 2013

Nesten-tenåringsrom

Knotten har fått "nytt" rom. Det vil sei nesten halvparten i storleik, og med ny sjølvvalt tapet. OG fjernsyn. Han er svært nøgd. Mor er imponert over knotten si evne til å velge moderne tapet, og imponert over resultatet. Det blei svært bra. Eg blir litt svimmel av å sjå på, men dersom eg tek av linsene og på brillene, går det betre. Burde kanskje vaske brillene, når eg tenker etter... Men tapetet er kult, ingen tvil. Remix frå Ferm Living. Pysete mor hadde aldri valt noko slikt. Med nytt, kult skuleskap frå IKEA og ein retro globus, kan ein ta bloggbilete med godt samvit. 




We finished the "new" room for my son, about half the size and he got his choice of wallpaper. AND a TV. He is very satisfied. Mum is impressed, both by his ability to choose a modern wallpaper, and by the result. Very cool. It makes me dizzy, but if I take off my contacts and put on my glasses, it's not so bad. Maybe time to wash my glasses... Introducing Remix from Ferm Living. Wimpy mum had never chosen anything like this. With a new, cool school-locker from IKEA and a retro globus, I can take a blog-picture with a clean conscience. 



mandag 26. august 2013

Sitronkjeks

Eller cookies om du vil. Lemon snow drops heiter dei, så poetisk, der eg fann oppskrifta. Du finn ho her. Eg vakna med lysta til å lage noko. Og så hadde eg lyst å lage noko med sitron. Eg orka ikkje lage pai, på grunn av paiskalet, som eg synes er noko herk. Eg hadde lyst på noko som var litt skikkeleg sitronsurt. Så eg prøvde desse kjeksa. Dei var enkle og veldig smakfulle, men litt skuffa var eg, då eg forventa at ei skulle vere litt surare. Dei gjekk likevel ned på høgkant, så ille var det riktignok ikkje. Det var berre det at dei kunne smakt litt surare sitron. Eg hadde meir sitronsaft i enn det som stod i oppskrifta, men dei vart ikkje sure likevel. 

Oppskrift:
115 g smør i terninger, lett temperert
1,5 dl sukker
3 ss honning
Skal av 2 sitroner
3 ss sitronsaft
1 ts natron
4 dl kveitemjøl
Melis

Nokre tips eg har lært:  
Ein skal ikkje redusere sukkermengde i cookie-oppskrifter, for då vil ikkje konsistensen bli riktig. Så sjølv om det er freistande, sidan eg tykte dei var litt søte, må eg la ver. 
Når ein bruker skal av sitrusfrukt skal ein passe på å kun få med det farga, ikkje inn på det kvite. Det kvite smakar beiskt, det gule/oransje/grøne smakar godt.  
Når ein skal trille kuler av deigen, er det lurt å lage avlange, høge tårn-kuler, og sette dei kaldt lenge nok. Då vil du få kjeks som ikkje renn utover alt, og som held seg tjukkare under steikinga.

Så, tilbake til bakinga. 
Pisk smør, sukker, honning, og skal av sitron til kvitt og luftig. Ha i natron og sitronsaft, og rør saman. Ha i mjøl til slutt, og rør saman. Trill kuler av deigen (ja, det går an sjølv om deigen er mjuk). Hugs høge tårn, og set dei i kjøleskapet minimun 20 minutt. Set omnen på 175 grader. Steik dei ca 10-14 minutt, til dei såvidt blir gyldne i kantane. 
Dette skulle bli 24 kjeks, men eg fekk nesten dobbelt så mange. Det spørs vel kor store ein vil ha dei. Hugs; større kjeks, lengre steiketid.
Ta dei ut av omnen, og avkjøl litt. Sikt melis over dei (her kjem 'snow' inn). Dei ser då svært delikate ut. 

Nyt!



Cookies, in this case Lemon Snow Drop Cookies, are always a hit. I woke up to a craving for baking, and for baking something lemony. I couldn't bother with a pie, because I'm really not bff with pie shells... And I didn't want a cake. I wanted something with a sting, something sour and not so sweet. So I decided to go for these cookies. They were really easy to make, and very tasty, bur not really lemony sour. I was a little disappointed, but they were eaten pretty fast, so it wasn't too much of a disappointment. It's just that I hoped for something tasting a little more sour. I found the recipe here

Recipe:
115 g butter, cut in cubes and slightly tempered
1,5 dl (135 g) sugar
3 tbs honey
Zest of 2 lemons
3 tbs lemon juice
1 tsp baking soda
4 dl (240 g) flour
Powdered sugar

Some tips:
One should never reduce the amount of sugar in a cookie dough, because the consistency of the cookie will not be as it should. I thought these were too sweet, but I still can't reduce the sugar. 
When using the lemon zest, it is important to only use the colourful part of the zest, because the white part underneath tastes bitter. The yellow part tastes like lemon.
When making the dough into balls, it's important to make tall towery-balls. This will make the cookie keep it's shape, and stay thicker while baking them. 

Ok, back to baking.
Whip the butter, sugar, honey and zest fluffy and white. Add baking soda and lemon juice and stir. Add flour and stir. Make balls (towers), and put in refrigerator for at least 20 minutes. Bake at 350 F for 10-14 minutes, until they get slightly golden around the edges. 
This should be 24 cookies, but I got almost twice as many. It all depends on how large you want the cookies to be. Remember; the bigger the cookie, the longer it takes to bake them. Let cool for a little bit. Coat with powdered sugar (for the 'snowy' part). This makes them look really delicious. 

Enjoy!

mandag 5. august 2013

Stikkelsbærmuffins.

No når eg har kjempa med nebb og klør mot skjærene om stikkelsbæra i hagen, må dei jo brukast. Eg plukka ca 20 i fjor, som blei syltetøy, men i år var det mykje meir. Kanskje fordi vi har forynga busken ved å klippe 1/3 av greinene dei siste 3 åra. I alle fall. Leitinga etter oppskrifter starta. Eg fanne denne oppskrifta på Pinterest, frå bloggen Nadel & Gabel. Oppskrifta var til kake, eller små langpannekaker, men eg har berre muffinsformar, så eg prøvde det. Eg fekk 12 muffins. Det gjekk fint, sett bort frå at eg hadde litt for mykje røre i, eller for få muffinsformer alt etter som. Det gjekke eigentleg bra, men dei trong 1/2 time på å steike seg ferdige. 

Rømmemuffins med stikkelsbær:

2 egg + 
150 g sukker - visp til eggedosis. 
200 g rømme (ca 2 dl) - visp inn.
200 g mel + 
1 1/2 ts bakepulver + 
skal av 1/2 sitron - bland forsiktig i. (eg brukte sitrondropar)

Røra mi vart umiddelbart klumpete og full av luftboblar, antageleg rømma som reagerte med bakepulveret. 
Fyll muffinsformar 1/2 full. Legg stikkelsbær på toppen. Steik ved 180 gradar i 20 minutt. Du kan lage vanleg kake i rund form, steik då 45 minutt. 

Nyt!








Now that I've picked the goose berries in my garden, it's become much more quiet around the house. No more waking up at 5 am from the idiotic magpies terrorizing us all day. Joy! Last year we hardly had any goose berries, but this year we had quite a lot. Maybe it's because we've done as recommended; cut 1/3 of the old branches last year, and then this year after picking the berries. Now we have to eat them, so the search for some promising recipes started. I found this recipe on Pinterest, from the blog Nadel & Gabel. It was for a cake, or ceveral smaller squares. Since I only have cupcake molds, I used that one. I got 12 cupcakes, that took foreer to bake, because I filled them too much. They still tasted good, though. Here's the recipe:

Sour cream cupcakes with goose berries:

2 eggs + 
150 g sugar - mix fluffy.
200 g sour cream  - mix in.
200 g flour + 
1 1/2 tsp baking powder +
zest of 1/2 lemon - mix in gently.

Fill the molds 1/2 full. Put goose berries on top. Bake for 20 minutes at 180 C / 360 F. You can use a round cake mold, and bake for 45 minutes. 

Enjoy!

søndag 28. juli 2013

Hagen i juli

Det blømer i hagen. Vakre blomer, nokre skrale blomer, noko veks raskt, andre ikkje. Det er uansett fantastisk å sjå på. 

The garden is blooming. Beautiful flowers, delicate flowers, some grow fast, and some don't. It's amazing to watch either way. 

Allium Oztrowskianum blømer seint, men godt.
Allium 'Oztrowskianum' is blooming late,
but great.
 

Alpeklematisen har vakre frøkapslar.
The clematis 'Alpina' has beautiful
seed capsules.

Larva frå haustspinnaren eit roseblad
til alle måltid.
The caterpillar of the Rusty Tussock Moth
is eating rose leaves for every meal. 
Queen Elisabeth opner knoppane sine for
verda.
Queen Elisabeth is opening it's buds for
the world to see.
 

Hosta med store prangande blomestilkar.
The Hosta with it's big showy
flower stems.

Klematisen 'Hagley hybrid' har vakse seg
stor, og har mange flotte knoppar i år!
The Clematis 'Hagley hybrid' har grown
big, and has loads of buds this year!

Storkenebb 'Rozanna' veks og veks og spreiar
seg utover, som meininga er.
Geranium 'Rozanne' is growing like crazy and
is spreading, like it's supposed to. 

Portalen til hagen. Humle og duftkaprifol
veks raskt og dekker snart heile.
The garden portal. Hops and Honeysuckle are
growing fast, and will soon cover it. 

Flamingotreet, eller japansk pil
'Flamingo', får flotte rosa blad, dersom
han vert klipt kvar vår.
The Japanese Salix 'Flamingo', or
Flamingo tree, will produce beautiful pink
leaves if cut back every spring. 

Vi får eple!
We're getting apples!

Klatrehortensiaen er svær, og fungerer mest
som rekkverk på trappa.
The climbing Hydrangea is huge, and almost
works as railings along the stairs.
 

Klatrehortensia.
Climbing Hydrangea.



Og velkommen tilbake.

And welcome back.

tirsdag 23. juli 2013

Kveitebakst på grill

I går hadde eg sååå lyst på skillingsboller! Men eg gadd ikkje lage det... Det var varmt og sol og ikkje akkurat bakever. Så kom eg på Anne på Landet sine kardemommeringar. Dei har eg prøvd før. Dei er superraske å lage, hever seg godt og får ein fantastisk konsistens. Oppskrifta finn du her. Eller min modifiserte her:

Modifiserte kanelringar:
4 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1ss sukker
1/2 ts salt
1 1/2 dl mjølk
1/2 dl olje

Sukker blanda med kanel.

Bland det tørre. Ha i det våte. Bland godt. Trill små pølser, ca 6 cm lange og 1cm tjukke. Lag ringer. Trykk dei ned i sukker og kanelblandinga (eller kanukker, som det heiter her i huset). Grill på middels varme, så ikkje sukkeret vert brent. Snu etter behov. Et!

Supergodt!


Yesterday, I had such a craving for cinnamon rolls! But I couldn't bother making them... It was sunny and warm, not baking weather at all (we dont't get much of that here in Norway). But then I remembered these cardamom rings from the Norwegian blog Anne på Landet. You grill them on the barbeque! Perfect for sunny weather. They turn out delicious in concistency, and are easy to make. Since I craved cinnamon, I modifies the recipe alittle. Here's the recipe:

Modified cinnamonrings:
4 dl / 240 g / 1.6 cups all purpose flour
2 ts / 10 g / 2 tsp baking powder
1ts / 5 g / 1 tsp vanilla sugar
1/2 ts / 2,5 g / 1/2 tsp salt
1 ss / 15 g / 1 tbs sugar
1,5 dl / 10 tbs / 0.6 cups + 2tbs milk
0,5 dl / 3 tbs / 0.2 cups neutral vegetable oil

Also: sugar mixed with cinnamon in a small bowl.

Mix all the dry ingredients. Add the wet ingredients, and mix well.
Roll out dough about 2 inches long an 1/3 inch thick. Make rings. Press into the sugar and cinnamon mix. Grill on medium heat so the sugar won't burn. Turn ceveral times, if  needed. Eat fresh and warm! Yum!


tirsdag 4. juni 2013

Sommar i hagen

Det er sommar, og staudene veks som gale. 

It's summer, and the perennials are growing like crazy. 

Framfor huset er det mindre sol, men lunt. Eg flytta staudene som stod i bedet oppe frå før, ned framfor huset. Dei ser ut til å trivst!

In front of the house there's less sunlight, but it's more sheltered. I moved the perennials from the bed at the top of the garden, down in front of the house. They seem to thrive!

Buksbom 'buxus sempervirens', kuleprimula
'primula denticulata', og vårvortemelk
'euphorbia plychroma'.
Ukjend staude i midten.
Buxus 'buxus sempervirens', drumstick
primula 'primula denticulata', and cushion
spurge 'Euphorbia polychroma'.
Unknown perennial inbetween.
 

I bedet øvst i hagen har eg planta nye stauder, og lete nokre gamle stå. Alle urtene er daude. Det er valmuene og. Men dei som klarte seg gjennom vinteren likar seg godt!

In the bed at the top of the garden, I've planted new perennials, and kept some old ones. All the herbs are dead. The poppies seem dead too. Those who made it through winter are thriving, though. 

Stormarikåpe 'alchemilla mollis' med diamant.
Large lady's mantle 'alchemilla mollis' with
diamond.
 
Mosesildre 'saxifraga hypnoides' spreier
seg i hjørnet, slik eg hadde håpa på.
Mossy saxifrage 'saxifraga hypnoides' is
spreading in the corner, like I hoped
it would.
Akeleie 'Aquilegia vulgaris' står litt for
tett inntil stormarikåpa, som har blitt
dobbelt så stor sida i fjor.
The common columbine  'Aquilegia vulgaris'
is standing a little too close to the
Large Lady's Mantle, which has doubled
in size since last year. 
Fra bakerst: mosesildre, stormarikåpe som
skjuler peoner, løytnantshjerte, hosta,
akeleie, allium, stormarikåpe.
From the top: Mossy saxifrage, large
lady's mantle hiding peonies, bleeding heart,
columbine, allium, large lady's mantle.

Eg flytta ein klatrerose opp til det øvste bedet. Rosa lever så vidt. Klematisen veks heldigvis godt. 

I moved one of the climbing roses to the top of the garden. It's barely alive. The Clematis is growing, luckily.

Klematisen 'Hagley hybrid' veks og. Jippi!
The clematis 'Hagley hybrid' is also growing.
Yay!

I det opphøgde bedet er det berre alpeklematisen som har klart seg. Nokre andre skugeplantar har eg flytta til ein meir skuggefull plass. Dei har klart seg såvidt. 

In the raised bed, only the Alpina made it through winter. Some shadow plants barely made it, but I moved them to a shadier place.
 
Alpeklematisen er min store trøyst.
Han veks om berre det, og blømer nydeleg.
The Alpina clematis is my comfort,
it's growing largely and blooming beautifully.
Vi har planat to epletre, sidan kirsebærtreet vart fjerna. Dei blømer, og eg håpar vi får eple til hausten. 

We've planted two apple trees, after the cherry tree was cut down. They're blooming, and hopefully we'll have some apples in time. 
Epleblomene startar som nydeleg rosa
knoppar, og ender som sarte kvite blomer.
The apple blossom starts as beautiful pink
bulbs, and end as delicate white flowers.


Ha ein flott sommar, alle saman!

Have a wonderful summer everybody!