Sider

mandag 14. oktober 2013

Nesten-tenåringsrom

Knotten har fått "nytt" rom. Det vil sei nesten halvparten i storleik, og med ny sjølvvalt tapet. OG fjernsyn. Han er svært nøgd. Mor er imponert over knotten si evne til å velge moderne tapet, og imponert over resultatet. Det blei svært bra. Eg blir litt svimmel av å sjå på, men dersom eg tek av linsene og på brillene, går det betre. Burde kanskje vaske brillene, når eg tenker etter... Men tapetet er kult, ingen tvil. Remix frå Ferm Living. Pysete mor hadde aldri valt noko slikt. Med nytt, kult skuleskap frå IKEA og ein retro globus, kan ein ta bloggbilete med godt samvit. 




We finished the "new" room for my son, about half the size and he got his choice of wallpaper. AND a TV. He is very satisfied. Mum is impressed, both by his ability to choose a modern wallpaper, and by the result. Very cool. It makes me dizzy, but if I take off my contacts and put on my glasses, it's not so bad. Maybe time to wash my glasses... Introducing Remix from Ferm Living. Wimpy mum had never chosen anything like this. With a new, cool school-locker from IKEA and a retro globus, I can take a blog-picture with a clean conscience. 



mandag 26. august 2013

Sitronkjeks

Eller cookies om du vil. Lemon snow drops heiter dei, så poetisk, der eg fann oppskrifta. Du finn ho her. Eg vakna med lysta til å lage noko. Og så hadde eg lyst å lage noko med sitron. Eg orka ikkje lage pai, på grunn av paiskalet, som eg synes er noko herk. Eg hadde lyst på noko som var litt skikkeleg sitronsurt. Så eg prøvde desse kjeksa. Dei var enkle og veldig smakfulle, men litt skuffa var eg, då eg forventa at ei skulle vere litt surare. Dei gjekk likevel ned på høgkant, så ille var det riktignok ikkje. Det var berre det at dei kunne smakt litt surare sitron. Eg hadde meir sitronsaft i enn det som stod i oppskrifta, men dei vart ikkje sure likevel. 

Oppskrift:
115 g smør i terninger, lett temperert
1,5 dl sukker
3 ss honning
Skal av 2 sitroner
3 ss sitronsaft
1 ts natron
4 dl kveitemjøl
Melis

Nokre tips eg har lært:  
Ein skal ikkje redusere sukkermengde i cookie-oppskrifter, for då vil ikkje konsistensen bli riktig. Så sjølv om det er freistande, sidan eg tykte dei var litt søte, må eg la ver. 
Når ein bruker skal av sitrusfrukt skal ein passe på å kun få med det farga, ikkje inn på det kvite. Det kvite smakar beiskt, det gule/oransje/grøne smakar godt.  
Når ein skal trille kuler av deigen, er det lurt å lage avlange, høge tårn-kuler, og sette dei kaldt lenge nok. Då vil du få kjeks som ikkje renn utover alt, og som held seg tjukkare under steikinga.

Så, tilbake til bakinga. 
Pisk smør, sukker, honning, og skal av sitron til kvitt og luftig. Ha i natron og sitronsaft, og rør saman. Ha i mjøl til slutt, og rør saman. Trill kuler av deigen (ja, det går an sjølv om deigen er mjuk). Hugs høge tårn, og set dei i kjøleskapet minimun 20 minutt. Set omnen på 175 grader. Steik dei ca 10-14 minutt, til dei såvidt blir gyldne i kantane. 
Dette skulle bli 24 kjeks, men eg fekk nesten dobbelt så mange. Det spørs vel kor store ein vil ha dei. Hugs; større kjeks, lengre steiketid.
Ta dei ut av omnen, og avkjøl litt. Sikt melis over dei (her kjem 'snow' inn). Dei ser då svært delikate ut. 

Nyt!



Cookies, in this case Lemon Snow Drop Cookies, are always a hit. I woke up to a craving for baking, and for baking something lemony. I couldn't bother with a pie, because I'm really not bff with pie shells... And I didn't want a cake. I wanted something with a sting, something sour and not so sweet. So I decided to go for these cookies. They were really easy to make, and very tasty, bur not really lemony sour. I was a little disappointed, but they were eaten pretty fast, so it wasn't too much of a disappointment. It's just that I hoped for something tasting a little more sour. I found the recipe here

Recipe:
115 g butter, cut in cubes and slightly tempered
1,5 dl (135 g) sugar
3 tbs honey
Zest of 2 lemons
3 tbs lemon juice
1 tsp baking soda
4 dl (240 g) flour
Powdered sugar

Some tips:
One should never reduce the amount of sugar in a cookie dough, because the consistency of the cookie will not be as it should. I thought these were too sweet, but I still can't reduce the sugar. 
When using the lemon zest, it is important to only use the colourful part of the zest, because the white part underneath tastes bitter. The yellow part tastes like lemon.
When making the dough into balls, it's important to make tall towery-balls. This will make the cookie keep it's shape, and stay thicker while baking them. 

Ok, back to baking.
Whip the butter, sugar, honey and zest fluffy and white. Add baking soda and lemon juice and stir. Add flour and stir. Make balls (towers), and put in refrigerator for at least 20 minutes. Bake at 350 F for 10-14 minutes, until they get slightly golden around the edges. 
This should be 24 cookies, but I got almost twice as many. It all depends on how large you want the cookies to be. Remember; the bigger the cookie, the longer it takes to bake them. Let cool for a little bit. Coat with powdered sugar (for the 'snowy' part). This makes them look really delicious. 

Enjoy!

mandag 5. august 2013

Stikkelsbærmuffins.

No når eg har kjempa med nebb og klør mot skjærene om stikkelsbæra i hagen, må dei jo brukast. Eg plukka ca 20 i fjor, som blei syltetøy, men i år var det mykje meir. Kanskje fordi vi har forynga busken ved å klippe 1/3 av greinene dei siste 3 åra. I alle fall. Leitinga etter oppskrifter starta. Eg fanne denne oppskrifta på Pinterest, frå bloggen Nadel & Gabel. Oppskrifta var til kake, eller små langpannekaker, men eg har berre muffinsformar, så eg prøvde det. Eg fekk 12 muffins. Det gjekk fint, sett bort frå at eg hadde litt for mykje røre i, eller for få muffinsformer alt etter som. Det gjekke eigentleg bra, men dei trong 1/2 time på å steike seg ferdige. 

Rømmemuffins med stikkelsbær:

2 egg + 
150 g sukker - visp til eggedosis. 
200 g rømme (ca 2 dl) - visp inn.
200 g mel + 
1 1/2 ts bakepulver + 
skal av 1/2 sitron - bland forsiktig i. (eg brukte sitrondropar)

Røra mi vart umiddelbart klumpete og full av luftboblar, antageleg rømma som reagerte med bakepulveret. 
Fyll muffinsformar 1/2 full. Legg stikkelsbær på toppen. Steik ved 180 gradar i 20 minutt. Du kan lage vanleg kake i rund form, steik då 45 minutt. 

Nyt!








Now that I've picked the goose berries in my garden, it's become much more quiet around the house. No more waking up at 5 am from the idiotic magpies terrorizing us all day. Joy! Last year we hardly had any goose berries, but this year we had quite a lot. Maybe it's because we've done as recommended; cut 1/3 of the old branches last year, and then this year after picking the berries. Now we have to eat them, so the search for some promising recipes started. I found this recipe on Pinterest, from the blog Nadel & Gabel. It was for a cake, or ceveral smaller squares. Since I only have cupcake molds, I used that one. I got 12 cupcakes, that took foreer to bake, because I filled them too much. They still tasted good, though. Here's the recipe:

Sour cream cupcakes with goose berries:

2 eggs + 
150 g sugar - mix fluffy.
200 g sour cream  - mix in.
200 g flour + 
1 1/2 tsp baking powder +
zest of 1/2 lemon - mix in gently.

Fill the molds 1/2 full. Put goose berries on top. Bake for 20 minutes at 180 C / 360 F. You can use a round cake mold, and bake for 45 minutes. 

Enjoy!

søndag 28. juli 2013

Hagen i juli

Det blømer i hagen. Vakre blomer, nokre skrale blomer, noko veks raskt, andre ikkje. Det er uansett fantastisk å sjå på. 

The garden is blooming. Beautiful flowers, delicate flowers, some grow fast, and some don't. It's amazing to watch either way. 

Allium Oztrowskianum blømer seint, men godt.
Allium 'Oztrowskianum' is blooming late,
but great.
 

Alpeklematisen har vakre frøkapslar.
The clematis 'Alpina' has beautiful
seed capsules.

Larva frå haustspinnaren eit roseblad
til alle måltid.
The caterpillar of the Rusty Tussock Moth
is eating rose leaves for every meal. 
Queen Elisabeth opner knoppane sine for
verda.
Queen Elisabeth is opening it's buds for
the world to see.
 

Hosta med store prangande blomestilkar.
The Hosta with it's big showy
flower stems.

Klematisen 'Hagley hybrid' har vakse seg
stor, og har mange flotte knoppar i år!
The Clematis 'Hagley hybrid' har grown
big, and has loads of buds this year!

Storkenebb 'Rozanna' veks og veks og spreiar
seg utover, som meininga er.
Geranium 'Rozanne' is growing like crazy and
is spreading, like it's supposed to. 

Portalen til hagen. Humle og duftkaprifol
veks raskt og dekker snart heile.
The garden portal. Hops and Honeysuckle are
growing fast, and will soon cover it. 

Flamingotreet, eller japansk pil
'Flamingo', får flotte rosa blad, dersom
han vert klipt kvar vår.
The Japanese Salix 'Flamingo', or
Flamingo tree, will produce beautiful pink
leaves if cut back every spring. 

Vi får eple!
We're getting apples!

Klatrehortensiaen er svær, og fungerer mest
som rekkverk på trappa.
The climbing Hydrangea is huge, and almost
works as railings along the stairs.
 

Klatrehortensia.
Climbing Hydrangea.



Og velkommen tilbake.

And welcome back.

tirsdag 23. juli 2013

Kveitebakst på grill

I går hadde eg sååå lyst på skillingsboller! Men eg gadd ikkje lage det... Det var varmt og sol og ikkje akkurat bakever. Så kom eg på Anne på Landet sine kardemommeringar. Dei har eg prøvd før. Dei er superraske å lage, hever seg godt og får ein fantastisk konsistens. Oppskrifta finn du her. Eller min modifiserte her:

Modifiserte kanelringar:
4 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1ss sukker
1/2 ts salt
1 1/2 dl mjølk
1/2 dl olje

Sukker blanda med kanel.

Bland det tørre. Ha i det våte. Bland godt. Trill små pølser, ca 6 cm lange og 1cm tjukke. Lag ringer. Trykk dei ned i sukker og kanelblandinga (eller kanukker, som det heiter her i huset). Grill på middels varme, så ikkje sukkeret vert brent. Snu etter behov. Et!

Supergodt!


Yesterday, I had such a craving for cinnamon rolls! But I couldn't bother making them... It was sunny and warm, not baking weather at all (we dont't get much of that here in Norway). But then I remembered these cardamom rings from the Norwegian blog Anne på Landet. You grill them on the barbeque! Perfect for sunny weather. They turn out delicious in concistency, and are easy to make. Since I craved cinnamon, I modifies the recipe alittle. Here's the recipe:

Modified cinnamonrings:
4 dl / 240 g / 1.6 cups all purpose flour
2 ts / 10 g / 2 tsp baking powder
1ts / 5 g / 1 tsp vanilla sugar
1/2 ts / 2,5 g / 1/2 tsp salt
1 ss / 15 g / 1 tbs sugar
1,5 dl / 10 tbs / 0.6 cups + 2tbs milk
0,5 dl / 3 tbs / 0.2 cups neutral vegetable oil

Also: sugar mixed with cinnamon in a small bowl.

Mix all the dry ingredients. Add the wet ingredients, and mix well.
Roll out dough about 2 inches long an 1/3 inch thick. Make rings. Press into the sugar and cinnamon mix. Grill on medium heat so the sugar won't burn. Turn ceveral times, if  needed. Eat fresh and warm! Yum!


tirsdag 4. juni 2013

Sommar i hagen

Det er sommar, og staudene veks som gale. 

It's summer, and the perennials are growing like crazy. 

Framfor huset er det mindre sol, men lunt. Eg flytta staudene som stod i bedet oppe frå før, ned framfor huset. Dei ser ut til å trivst!

In front of the house there's less sunlight, but it's more sheltered. I moved the perennials from the bed at the top of the garden, down in front of the house. They seem to thrive!

Buksbom 'buxus sempervirens', kuleprimula
'primula denticulata', og vårvortemelk
'euphorbia plychroma'.
Ukjend staude i midten.
Buxus 'buxus sempervirens', drumstick
primula 'primula denticulata', and cushion
spurge 'Euphorbia polychroma'.
Unknown perennial inbetween.
 

I bedet øvst i hagen har eg planta nye stauder, og lete nokre gamle stå. Alle urtene er daude. Det er valmuene og. Men dei som klarte seg gjennom vinteren likar seg godt!

In the bed at the top of the garden, I've planted new perennials, and kept some old ones. All the herbs are dead. The poppies seem dead too. Those who made it through winter are thriving, though. 

Stormarikåpe 'alchemilla mollis' med diamant.
Large lady's mantle 'alchemilla mollis' with
diamond.
 
Mosesildre 'saxifraga hypnoides' spreier
seg i hjørnet, slik eg hadde håpa på.
Mossy saxifrage 'saxifraga hypnoides' is
spreading in the corner, like I hoped
it would.
Akeleie 'Aquilegia vulgaris' står litt for
tett inntil stormarikåpa, som har blitt
dobbelt så stor sida i fjor.
The common columbine  'Aquilegia vulgaris'
is standing a little too close to the
Large Lady's Mantle, which has doubled
in size since last year. 
Fra bakerst: mosesildre, stormarikåpe som
skjuler peoner, løytnantshjerte, hosta,
akeleie, allium, stormarikåpe.
From the top: Mossy saxifrage, large
lady's mantle hiding peonies, bleeding heart,
columbine, allium, large lady's mantle.

Eg flytta ein klatrerose opp til det øvste bedet. Rosa lever så vidt. Klematisen veks heldigvis godt. 

I moved one of the climbing roses to the top of the garden. It's barely alive. The Clematis is growing, luckily.

Klematisen 'Hagley hybrid' veks og. Jippi!
The clematis 'Hagley hybrid' is also growing.
Yay!

I det opphøgde bedet er det berre alpeklematisen som har klart seg. Nokre andre skugeplantar har eg flytta til ein meir skuggefull plass. Dei har klart seg såvidt. 

In the raised bed, only the Alpina made it through winter. Some shadow plants barely made it, but I moved them to a shadier place.
 
Alpeklematisen er min store trøyst.
Han veks om berre det, og blømer nydeleg.
The Alpina clematis is my comfort,
it's growing largely and blooming beautifully.
Vi har planat to epletre, sidan kirsebærtreet vart fjerna. Dei blømer, og eg håpar vi får eple til hausten. 

We've planted two apple trees, after the cherry tree was cut down. They're blooming, and hopefully we'll have some apples in time. 
Epleblomene startar som nydeleg rosa
knoppar, og ender som sarte kvite blomer.
The apple blossom starts as beautiful pink
bulbs, and end as delicate white flowers.


Ha ein flott sommar, alle saman!

Have a wonderful summer everybody!

tirsdag 28. mai 2013

Humle

Då eg må innsjå at vi ikkje har den perfekte hage for dei fleste planter (det bles, er kaldare enn gjennomsnittet for der vi bur, det kjem barfrost og det regner stort sett heile tida), har eg revurdert situasjonen. Svaret er noko som veks som berre juling om sommaren. Vi har kjøpt Humle (Humulus Lupulus). På Grønn Glede sa dei at ho veks 8 meter på ei sommar. Plantasjen nøyer seg med 4 meter per sommar, men det held for meg. 

Farge: Grøn
Blome: Gulkvite, kongeliknande
Storleik: Veks 4-6 m nye skot kvart år. Dei visnar ned om hausten. 
Stell: Halvskugge i humusrik, jamnt fuktig jord. Må ha noko å klatre etter. 
Sone: H8

Dersom ikkje dette fungerar, så må vi nesten gje opp. Ønsk oss lykke til!


Humle
Humle
Hops
I have to admit that my garden isn't made for most plants (it's windy, it's colder than most in this area, it gets black frost, and it rains all the time. 

Colour: Green
Flowers: Yellowish green, coneshaped 
Sie: Gros 4-6 meters (according to the garden shop) new branches each year. Theywither each autumn, and grow back next year. 
Care: Semishadow in evenly moist humus. Needs something to climb.
Zone: H8

If this doesn't work, we almost have to give up. Wish us luck!

fredag 24. mai 2013

Hagetroll

Eg fann eit troll i hagen. Han lukta på blomane. 



I found a troll in my garden. He was smelling the flowers. 

torsdag 23. mai 2013

Alpeklematis

Klematis nr 3 heiter noko så uromantisk som Alpina; Alpeklematis. Det fine er at han ser ut til å tole det meste. Mens alle rosene og klematisene og til og med rhododendronene ser ut til å daua eller blitt hardt skadde, er denne i full knopp. Det likar eg!

Farge: Blå med gul kjerne
Blomestorleik: Små, klokkeforma
Høgd: 2,5-3 m, veks lite i starten, men meir etter kvart.
Stell: Sol, halvskugge, skugge. Skal ikkje skjerast ned, evt kun for å redusere storleik, og då etter bløming. Humusrik jord blanda med grus og stein. Kalkrik jord. 
Sone: H6


Min vakre Alpina.
My beautiful Alpina.
File:Clematis alpina 'Tage Lundell'.jpg
Eg håpar den blir slik. 
I hope it turns out like this.
Biletet er linka/The picture is linked

My third Clematis is the Alpina. So not a romantic name, but the important thing is it seems to survive anything. I like!

Colour: Blue with a yellow core
Flower: Small, bell-shaped
Size: 2,5-3 meters, grows little at first, but then more after a few years.
Care: Sunny, shadow. Not to be cut, if not to reduse size, and then only after flowering. Humus mixed with gravel and stone. Calcareous soil.
Zone: H6


onsdag 22. mai 2013

Kuleprimula

Ei av staudene som stod her då vi flytta inn har fått eit nytt bed å bo i. Kuleprimula. Frå spire til blome på 2 veker. 


One of the perennials that were here when we moved in has got a new bed to live in. Drimstick Primrose. From sprout to flower in 2 weeks. 

tirsdag 21. mai 2013

På den andre sida...

...viste det seg at 5 roser er seindaude. Mest sannsynleg. Eg har klippa dei ned for å leite etter frisk treverk. Men nei. Det er daudt tre rett ned til rota. To av dei lausna i rota. Rotna. Ææærk! Så det er nok boss. Eg må bite i det sure eple. Roser suger. Det er dritt. No er del lauk som tel. Eg har planta ca 200 tulipanar i hagen dei siste dagane. Haustlauk, men pytt. Dei kjem opp i rekordfart no. Så eg er spent. Veldig spent. 

Elfe ser ut til å klart seg med eit naudskrik.
Elfe looks like it's barely hanging in there.
a
Og det gjer  New Dawn og.
And so does New Dawn .

Rosa med det klingande namnet Golden Shower
har eit skot delt på to planter.
The rose Golden Shower (yes, really) 
has one shot divided by two plants.

Summerwind er daud som ei sild.
Summerwind is as dead as they get.

Det er ikkje mykje att av Snøkvit. Men eg håpar.
There's not much left of Snow White, but i'm still hoping.

Miniatyrrosa Mandarin er daud og rotten.
The miniature rose Mandarin is dead and rotten.

Tydeleg daud rose (Westerland).
A clearly dead rose (Westerland)

Ein daud fe. 
The Fairy er ikkje berre daud, men rotten i rota.
A dead fairy. 
The fairy isn't just dead, it is rotten at the root. 

On the other hand, it seems like 5 roses are stone dead. Most likely. I've cut them down to see if I could find fresh wood. But no. It's dead wood straight down to the roots. Two of them even detached from the root with gentle handling. Rotten. IIIH! So they're garbage. I have to admit it. Roses suck. It's crap. Now it's bulbs that count. I've planted about 200 tulips in my garden the last few days. They were supposed to be planted last autumn. Oh well. They're blooming in record time. I'm excited to see which ones will bloom. Very excited. 

Nelly Moser



Klematis nr 2 heiter Nelly Moser. Det er ein gamal klematis, frå 1897. 

Farge: Kvit/rosa stripete
Blomestørrelse: store, 10-15 cm
Blømer: juni-oktober
Høgd: 3-4 m
Stell: sol, halvskuge, skugge. Skal skjerast ned om våren, døde og svake greiner skal fjernast ned til kraftige knoppar. Gamle greinar bør fjernast for å stimulere ny vekst, men alle skal ikkje fjernast samstundes. 
Sone: H4

Min ser svært daud ut, men eg har sett ein liten spire nedst ved bakken. Berre til å krysse fingrane. Denne vinteren har tatt knekken på det meste her i Bergensområdet. Tørke er ikkje noko vi er van med...

File:Clematis Nelly Moser.jpg
Nelly Moser
Biletet er linka/the picture is linked

My second Clematis i s called Nelly Moser. It's an old Clematis, from 1897. 

Colour: White/pink striped
Flower: Big, 10-15 cm
Blooms: June-october
Hight: 3-4 meters
Care: Sunny, shadow. To be cut down in spring. Dead and weak branches should be removed down to a couple of powerful buds. Old branches should be removed to stimulate new growth, but not all at the same time. 
Zone:  H4. 

Sadly it looks pretty dead. I've seen a sprout at the ground, so I just cross my fingers and hope for the best. This winter has killed nearly everything around Bergen. We're not used to droughts... It usually rains all winter. 

søndag 19. mai 2013

Katastrofevinter

Dei fleste hager og parker var eit begredeleg syn i april, brunt brunt brunt så langt auget kunne sjå. Brunt gras, brun rhododendron, brun laurbærhegg, brune bartre og diverse anna brunt. 
Etter ein katastrofevinter med barfrost fleire meter ned i bakken, og tørke i mange mange månader, ser det ut som alle rosene mine og diverse anna har gjeve opp og daua. Ikkje gøy! 
No i mai er verda endra; det er grønt! Det er ikkje anna å gjere enn å klippe ned det som er brunt, og glede seg over det som er grønt. 
Men eg har ikkje gjeve opp og daua. Eg skal vente til neste år, og sjå om dei kjem seg. Hos meg skal alt få ei sjanse til. Er det like brunt i 2014 får eg heller fjerne det. Ingenting skal fjernast no, nei! Dessutan har eg vore på Plantasjen og sikra meg to stilkroser til 50 kr stykket. Og dei kan våge seg å daue. Eg ønsker Peace og Dronning Elisabeth velkomne til hagen =)


Typisk daud rose
Typical dead rose
Most gardens and parks around here were a sad sight in april. Brown brown brown as far as the eye could see. Brown grass, brown Rhododendron, brown cherry laurel, brown conifers, and some other brown. 
After a catastrophic winter of black frost several meters into the ground, and drought for months, it looks as though all of my roses and a diversity of other plants have given up and died on me. Not fun! 
Now that it's May, the world has changed into a green place. There's nothing else to do than remove the brown, and enjoy the green. I, on the other hand, have not given up and died. I'm not removing anything. I'm waiting till next year, to see if anything will recover. In my garden, everything is getting a second chance. If it's just as dead and brown in 2014, I'm removing it. I'm not removing anything now! Besides, I've been to the garden store and bough two stem roses for 50 krones a piece. And they may dare to die.I welcome Peace and Queen Elisabeth to my garden =)

lørdag 18. mai 2013

Hurra for 17. mai!



Då er 17, mai over for denne gong. Lite blogging om dette i år, eg var oppteken frå kl 9 om morgonen til kl 17,40, då eg kunne gå frå skulen med rimeleg godt samvit. Det er kjekt, men travelt å arrangere 17 mai. Det er så kjekt når folk engasjerer seg og står på med 110 %. Eg føler det gjekke veldig bra. Det einaste er at eg ikkje fekk med meg kva som hende rundt meg, eg stod i kaféen på skulen heile dagen. Eg fekk heller ikkje med meg regnet, så det kan jo vere like greit. 
Her er nokre lånte bilete frå den aktuelle dagen. Dei er linka.


Det er sjølvsagt mange flagg i prosejonen!
Of course there are a lot of flags in the procession!

Skulekorpset.
The school band in National Costumes.  

Korpsa spela.
We have bands playing marches, our National Hymn, and other hymns.

Barnetog.
The children walk in procession down the streets.
There is no traffic at the time, everyone is watching. 
Borna syng.
The youngest school children are singing. 

Desse fekk pris for kjekkaste innslag.
Organizations are free to join the procession.
These won the award for best contribution to the procession. 

Hurray for the 17th of May! It's over for this year, our wonderful National Day. Next year will be Norways 200th jubilee, but this year wasn't bad either. In Norway, we all gather at our local community to walk in procession, or "17. mai tog" - 17th of May train, as we call it. It's the children's big day, when we celebrate an independant Norway. It's a day of playing games oustide, cheering and eating ice cream. We gather at local schools for games, eating and meeting other people. We all wish each other happy birthday. All who has one, will wear their National Costume, the "bunad". Bunads vary locally. 
I was busy from 9 am til 6 pm executing celebration at our local school. Finnaly I could leave our local school with a bit of a good conscience when it was all over. It's nice, but busy to arrange May 17th. It's really wonderful to see the parents engage 110 % to make everything work out for our children. I feel it all went great. I didn't get to see anything going on around me, I was working in the cafeteria all day. I didn't get to see the rain, either, just as well... 
Over are some borrowed pictures from this marvellous day. The picures are linked. 

fredag 10. mai 2013

Idolfest

Når det er duka for Idolfinale med samkommuningar i finalen, då må det feirast uansett! Her hadde vi seks heiande 12-åringar som koste seg med pizza, chips, popcorn, brus og muffins. Pynta på Idolvis, sjølvsagt.



When it's time to crown this years Idol-winner, we have to celebrate! Especially when one of the finalists are from our community. We had six 12-yar-olds cheering and eating pizza, potato chips, pop corn, soda and cupcakes. Decorated the Idol-way, of course.